trivselsbadet har vore til glede for mange i ein dårleg sommar. Arkivfoto

Ein strålande sesong for Trivselsbadet

Dårleg sommarvêr gjorde susen.

– Vi har hatt kanonbra besøk i badeanlegget i juli, smiler Øystein Sundal. 3.500 personar har nytta tilbodet. Det er like mykje som i vintermånadene.

Sommarvêret vi har nett no, gledar oss, men kom i seinaste laget. Medan det gjekk sport i å symje over Gloppefjorden i fjor, har badelivet utandørs denne sommaren vore sterkt avgrensa.
– Kanonbra
Dagleg leiar i Trivselshagen bad og idrett, Øystein Sundal, skulle gjerne ønskt sol, sommar og badeliv ute, men kan i det minste glede seg over at aktiviteten i Trivselsbadet har vore stor.
– Eg lever godt med det vêret vi har hatt. Det har gått strålande. Eg har nett studert besøkstala. Juli vart ein kanonbra månad med 3500 besøkande. Det er dobbelt så mykje som i juni og like mykje som i vintermånadene januar og februar. Det må nok tilskrivast vêret, seier han. Juli inviterte ikkje akkurat til å bade i fjorden.
– Vi opplever at det kjem mange tilreisande for å bruke badeanlegget. Vi har folk frå både nabokommunane i Nordfjord og frå Jølster, seier Sundal.

Han meiner det er særleg tre årsaker til at folk tek turen til Gloppen når dei vil bade inne.
– Det er rimeleg inngangsbillett, god temperatur på badevatnet, og at vi held anlegget veldig reint og fint, seier han. I tillegg til mange tilreisande nyttar også glopparane badeanlegget i rikt mon.
– Generelt sett går det veldig bra. Så langt i år har vi hatt godt over 20.000 besøkande, fortel Øystein Sundal.
Les meir i papiravisa måndag.