Ein Stikk av

Det har vore mange og lange prosessar i Nordfjord om kommunesamanslåing. Men der ein i Sunnfjord greidde å kome saman og, om enn på hengande håret, skape ein storkommune, har prosessane i Nordfjord til slutt ikkje kome i mål. Også det har vore hårfint, i alle fall når det gjeld Eid og Gloppen. Det er eit paradoks, og nesten sånn at vi ikkje veit heilt om vi skal le eller gråte når vi ser at det einaste alt styret om kommunereforma i Nordfjord har ført til så langt, er at ein kommune stikk av og forsvinn ut av både regionen og fylket. Før helga vedtok eit fleirtal i Hornindal kommunestyre å slå seg saman med Volda, og dermed vrake sin gamle kompanjong Stryn. Det betyr at Nordfjord og fylket mister 1200 innbyggarar. Og sjølv om ein her i praksis snakkar om ei justering av fylkesgrensa, var det vel ikkje dette vi hadde mest bruk for no.
Vi skal ikkje seie heilt sikkert at det er det endelege resultatet for Nordfjord vi ser her. For no har moderniserings- og kommunalministeren plutseleg fått betre tid, og gjeve kommunane frist ut året om det er ting ein vil gå vidare på. Det fortel noko om at dei prosessane som har vore lagt opp til, har vore både for dårlege og hastige. Sjølv om vi vil berømme kommunane for å ha stått på og verkeleg prøvt, seier det seg sjølv at ein her står over for store og vanskelege val, som vil vere svært viktige for innbyggarane i åra som kjem. Då må ein ta seg den tida som trengst, og då må ein ha gode prosessar.
Ideelt sett må prosessane vere så gode at dei kan samle klare fleirtal bak seg i dei vedtaka som skal fattast. Uansett kva veg det har gått, syns vi det er ille at det i mange tilfelle har vore med knappast mogeleg margin og til dels heilt tilfeldig. I Jølster skilde det 47 røyster mellom storkommune eller ikkje, og bygda var delt i to etter geografi. I Gaular var det 12-9 i kommunestyret om å seie nei til storkommune under prøverøystinga, men ei røyst overvekt for å seie ja ved den endelege røystinga! I Naustdal måtte dei gå fleire rundar før det vart ja. I Gloppen snudde ein grasrotaksjon heilt på tampen det som i ei påliteleg meiningsmåling var eit klart ja-fleirtal for å slå seg saman med Eid, og til og med få kommunesenteret, til ein knipen nei-siger. I Hornindal har det vore stor frustrasjon over at folk ikkje har fått lov å avgjere denne saka sjølve. I motsetning til nabokommunane har dei ikkje hatt folkerøysting. Sjølv 266 underskrifter i kommunen med 1200 innbyggjarar med krav om folkerøysting, var ikkje nok til å snu eit kommunestyre i tidstrøbbel. Så skifter ein i staden både region og fylke, utan at innbyggarane har fått sagt noko om det i val.
Vi ser at dette ikkje har vore enkelt å handtere for lokalpolitikarane, men i så store saker burde prosessane og avgjerdene vore tydelegare. Vi syns ein først skulle avklara kor store fylka skal bli i framtida, kva nye oppgåver får større kommunar og fylke, kva slags statlege arbeidsplassar kan ein få, og korleis blir eigentleg dei økonomiske rammevilkåra. Dette har vore i fri flyt medan stakkars lokalpolitikarar har køyrt sine pålagde prosessar. Difor har det ikkje vorte så mange sigrar for Sanner og co, sjølv om han framleis har tru på at det kjem fleire.
Det er også forståeleg at han feirar dei sigrane han får. Sist veke var det kake i departementet då representantar frå den nye Sunnfjord storkommune var i byen. Ingen tvil om at det var godt for Sanner. Heller ikkje at Sunnfjord kan stå fram som ein vinnar i fylket i framtida. Nordfjord er berre svekka, difor hadde ein motor midt i Nordfjord med Eid og Gloppen i førarsetet, vore enda viktigare etter det siste som har skjedd. Det er framleis fullt mogeleg, det har eit stort fleirtal i Gloppen kommunestyre opna for.
Det er berre for Sanner og Erna å seie klart ja til ei bru som finansierer seg sjølv og uansett vil tvinge seg fram. Då skal vi spandere kake på dei!