Føraren vart skadd men stakk frå staden, melder politiet.

Ein person skadd

Ein person vart skadd i biluhell natt til laurdag.

Ein person vart skadd i eit biluhell natt til laurdag om lag klokka tre. Uhellet fann stad på vegen gjennom Mona forbi Mona Vekst og plasthallen til Strukturplast. Bilen kom frå Eide, køyrde av vegen og rett inn i eit tre. Politi, ambulanse og Gloppen brann og redning rykte ut, men då hadde føraren stukke av. Spor på staden tydde på at vedkomande var skadd.