Politiet har hatt kontroll. (Illustrasjonsfoto)

Ein mista sertifikatet

Ein mann i 20 åra er meldt og har fått førarkortet kverrsett for å ha køyrt bil i rusa tilstand. Mannen vart stoppa av UP på E39 på Hafstad i Førde onsdag kveld.

På Knapstad i Florø vart ein bil stoppa og avskilta fordi den ikkje var rett forsikra.

På Brandsøy og på Havreneset i Florø fekk fire sjåførar forenkla førelegg etter fartskontroll. Den høgste farta UP målte i 60-sona var 77 km/t på Brandsøy og 56 km/t i 40-sona på Havreneset. I tillegg fekk ein bot for å bruka handhalden mobil.

UP har halde rus-kontroll på E39 I Hjellbrekka i Jølster. Ingen av dei 75 sjekka førarane fekk utslag, men kunne spart seg om eit forenkla førelegg om han hadde latt vere å prate med mobilen i handa medan han køyrde.

På Loftesnes i Sogndal heldt politiet promillekontroll. Av 13 kontrollerte var det ingen utslag, men ein sjåfør fekk pålegg om å sette bilen inn for teknisk kontroll.