Atle Løvland.

– Ein katastrofe for fylket

Atle Løvland karakteriserer årets landbruksoppgjer som ein katastrofe for Sogn og Fjordane. Han varslar at nedlegginga av gardsbruk held fram.

Atle Løvland er geitebonde i Kandal og styremedlem i Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag. Han er svært skuffa over årets landbruksoppgjer.

Høgt ut

– Både Bonde og Småbrukarlaget og Norges Bondelag gjekk høgt opp på bana og ville snu utviklinga som starta med regjeringsskiftet i 2014. Det skulle bli meir til dei små og mellomstore bruka, og dermed sikre landbruk i heile landet, seier Løvland og trudde det ville skje.

– Men under forhandlingane gløymde dei det som var sagt, seier Løvland. Bonde og Småbrukarlaget braut, men Norges Bondelag heldt fram og godkjende resultatet.

– Det var berre ein bløff at dei små og mellomstore skulle få meir. T.d. vil om lag alle sauehaldarane gå ned i inntekt, seier Atle Løvland og spår at nedlegginga av gardsbruk vil halde fram.

Les meir i papirutgåva fredag.