Home   >   Fylket   >   Eigarane investerer i SFE

Konserndirektør Johannes Rauboti er svært godt nøgd med at SFE sin eigenkapital er styrka med 211 mill. kroner. Foto: SFE.

Eigarane investerer i SFE

Har styrka eigenkapitalen med over 200 mill. kroner.

Då fristen for å delta i ein emisjon i Sogn og Fjordane Energi gjekk ut denne veka, hadde sju av eigarane vedteke å investere totalt 211 millionar kroner i selskapet. – Svært gledeleg å få denne tilliten frå eigarane, og viktig for satsinga framover, seier konsernsjef Johannes Rauboti.

På Sogn og Fjordane Energi (SFE) si generalforsamling i juni vart det vedteke å gjennomføre ein eigenkapitalemisjon blant eigarane. Ein slik emisjon inneber at ein skriv ut nye aksjar som eigarane kan kjøpe, med det siktemål å tilføre selskapet meir eigenkapital.

Sju av ni eigarar med

Med unntak av BKK og Naustdal kommune, deltek alle aksjonærar i kapitalauken. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, gjennom Sogn og Fjordane Holding AS, og kommunane Askvoll, Bremanger, Gloppen, Flora, Eid og Selje bidreg med totalt 211 millionar kroner. Investeringa frå fylkeskommunen på nær 169 millionar kroner er den største investeringa, følgt av Flora og Gloppen med høvesvis 15,8 og 11,8 millionar.

– Dette er svært gledeleg og viser at eigarane stiller opp bak selskapet. SFE er inne i ein periode med store nettinvesteringar. Samstundes er bygginga av Østerbø kraftverk i gang, og styrkinga av eigenkapitalen er viktig for å sikre konsernet si evne til vidare vekst og utvikling, seier konsernsjef Johannes Rauboti.

Så og hauste

– Det er i næringslivet som i samfunnet elles – det er ulike tider for å så og for å hauste. Vi er glade for at eigarane er samde i at det er godt eigarskap å styrke selskapet i ein periode med store investeringar. Ei styrking av eigenkapitalen no vil gi eit godt grunnlag for auke utbytet i seinare år når vi igjen går inn i periodar med lågare investeringsnivå, seier Rauboti.

Emisjonen medfører ikkje at nokon av eigarane kjem over 50 prosent eigarskap og får direkte fleirtal.  Gjennom sitt holdingselskap aukar fylkeskommunen sin eigardel frå 48,2 prosent til 49,6 prosent, medan BKK på si side reduserer sin eigardel frå 38,5 prosent til 36,8 prosent.

God avkastning

Under presentasjonen til fylkestinget og eigarmøta sist juni, kunne SFE presentere ein samla verdiauke på rundt 4,4 milliardar kroner sidan konsernet vart danna i 2003 – tilsvarande ein avkasting til eigarane på rundt 8% årleg. Rauboti har god tru på at konsernet skal vere eit godt investeringsobjekt også framover.

– SFE sin finansielle situasjon er god, men vi treng kapital for å sikre god utvikling i ein periode med store investeringar. Vi skal arbeide hardt for at eigarane si investering i selskapet skal bere like gode frukter som tidlegare år, seier Rauboti.