Dagsturhytta er offisielt opna i dag.

Ei hytte å vere stolte over

 

Regn- og sluddbygene stod i kø, men det la ingen dempar på opninga og feiringa av den første dagsturhytta i fylket.



Det vart arbeidd til langt på kveld torsdag, og dei kom i mål. Det skuldast mannskapet til hytteleverandøren Reknes Byggevarer LL og dugnadsgjengen av privatpersonar og bedrifter. Til saman var 18 personar i sving. I dag fekk fylkesordførar Jenny Følling og ordførar Leidulf Gloppestad æra og gleda av å skjere over snora saman med Kaja Johannesen Skrede.

Rulla ut løparen

- Klokka 21.05 rulla vi bokstavleg tala ut løparen og gjekk inn i hytta, fortel dagleg leiar i Reknes Byggevare, Egil Sagestad. Han slår fast at utan dugnadsfolket i tillegg til hans eigen arbeidsstokk på fem mann, ville dei aldri blitt ferdige til opninga.

-Dette er eit spesielt prosjekt for oss. No får vi gje noko tilbake til storsamfunnet, føler vi. Det er veldig kjekt, seier han og fortel at det er eit spesielt bygg der kledninga i tråd med gammal tradisjon er brent for å få ut harpiksen. Derfor den svarte fargen.

Meir vekt

Det var spesielt utfordrande å få dei fire hytteelementa på plass. Dei måtte stå ute i to døgn fordi helikoptertransporten måtte vente til skodda letta.

-Då synte det seg at dei vart hundre kilo tyngre kvart av dei, fortel Sagestad. Derfor måtte ytterlegare materiale strippast vekk.

ROJO Arkitekter har teikna dagsturhytta. Dei fekk oppdraget i skarp konkurranse med over 20 andre.

-Det var eit utruleg spennande og annleis prosjekt, seier Sondre Andvik og Ole Kristian Kråkmo.

-Trigga oss

Sidan det skal stå ei dagstur i kvar kommmune i fylket, måtte dei finne eit konsept som passa inn over alt uavhengig av naturen om kring.

-Det trigga oss, men denne ideen har vi eigentleg hatt før konkurransen, seier dei og fortel at utgangspunktet deira var ein takstol.

-Han har ei optimal form, statisk og sterk, seier dei og tykkjer det er ein fest å sjå hytta der ho er komen på plass.



Stort prosjekt

-Dette er ein kjekk dag. Dagsturhytteprosjektet er ganske stort. No er det i mål her på Sandane, seier rådgjevar og anleggskonsulent Atle Skrede i fylkeskommunen. Han er prosjektet sin far.

-Eg fekk ideen for eitt år og ni månader sidan. Dagsturhyttene skal vere nær sentrum, dei skal byggje identiet ved at du kan sjå heimstaden, og vere så nær at du kan gå dit, sa Skrede. I tillegg kan det vere utgangspunkt for lengre turar. Han peika også på det store dugnadsengasjementet prosjektet har skapt.

To galne

Atle Skrede drog fram spesielt "to galne karar" som har gjort dagsturhytta mogleg: kultursjef Jan-Kjetil Øygard og næringssjef Knut Roger Nesdal.

-Å setje i gang eit så stort prosjekt som Trivselsskogen er, krev mot, styrke, gjennomføringsvilje og -kraft, sa han og peika på både finansiering og dugnadsarbeid det står respekt av.

I løpet av 2018 skal alle dagsturhyttene vere på plass.



Vellukka

Det vart ei vellukka og flott opning der Nordstranda skule var til stades. Dei underheldt også. Det gjorde dei saman med "Good time Charlie" med Arle Hjelmeland i spissen. Dei fekk opp stemninga og sette ein ekstra spiss på opninga.

-Trivselsskogen blir eit attraktivt turområde der dagsturhytta løfter konseptet veldig, seier Jan-Kjetil Øygard og meiner at hytta vil bli eit turmål i seg sjølv.



Eldsjel

-Dette er ein inspirasjon til å fullføre prosjekt Trivselsskogen seier Knut Roger Nesdal som av fleire vart trekt fram som ei eldsjel med engasjement, pågangsmot og vilje. Ikkje minst har han gjort mykje dugnad. Utan han - ingen Trivselsskog og heller inga dagsturhytte.

Både ordførar Leidulf Gloppestad og fylkesordførar Jenny Følling helsa og gratulerte. Dei klipte snora og opna dagsturhytta saman med Kaja Johannesen Skrede.

Grunneigar

Blant dei mange frammøtte var også grunneigar Sjur Atle Austrheim.

-Eg var aldri i tvil om å stille området til disposisjon for Trivselsskogen. Så dukka dagsturhytta opp, fortel han og vart med i selskapet Trivselsskogen AS. Han meiner mange har æra av at prosjektet er kome så langt som det er. Sjølv har han lagt ned 400-500 timar dugnad, det meste i gravemaskin eller med traktor og hengar.

No trengs det minimum tre mill. kroner til for å fullføre Trivselsskogen, peikar Knut Roger på, og seks om alt dei ønskjer skal bli realisert.



Sjå filmklipp frå: opninga av dagsturhytt

Arkitektane Sondre Andvik og Ole Kristian Kråkmo tykkjer dagsturhytta var eit utruleg spennande prosjekt.
Tre nøkkelpersonar: (F.v.) Atle Skrede, Knut Roger Nesdal og Jan-Kjetil Øygard.
Good Time Charlie skapte god stemning saman med Nordstranda skule.
Fylkesordførar Jenny Følling og ordførar Leidulf Gloppestad skar over tauet saman med Kaja Johannesen Skrede.