Dagleg leiar Jan Egil Tryggestad er glad for at Nordfjordkryssing AS har kome i dialog med Statens vegvesen om løysingar for bru mellom Anda og Lote. T.v. plan- og utviklingssjef Kristine Dahl i Eid kommune.

– Eg synest tonen var positiv

– Det var god dialog og veldig nyttig å få kontakt med Statens vegvesen, seier dagleg leiar i Nordfjordkryssing AS, Jan Olav Tryggestad.

Bruselskapet presenterte planane sine og fortalde korleis dei arbeider med å realisere desse på eit møte med Statens vegvesen sist onsdag. Vegvesenet kom med tilbakemeldingar på arbeidet som er gjort, og gav råd for vegen vidare.

Tre alternativ

– Vi kjem til å arbeide vidare som før. Det heilt sentrale blir å finne det rette brukonseptet. Det er stor kostnadsskilnad mellom flytebru og hengebru, finansieringa blir heilt sentral, seier Jan Olav Tryggestad.

Plan- og utviklingssjef i Eid kommune, Kristine Dahl, fortalde om det interkommunale planarbeidet som er gjort på land med omsyn til ferjefri kryssing, og Nils Husabø i ingeniør- og arkitektfirmaet Asplan Viak gjekk nærare inn på dei ulike kryssingsalternativa.

Tre alternativ blir sett på som aktuelle. Alternativ A er flytebru med slusesystem for å sleppe gjennom store båtar, alternativ B og C er høgbru/hengebru. Førstnemnde er tenkt med landfeste i nærleiken av dagens ferjekaier, hengebrualternativa vil ha landkjenning litt lenger aust på begge sider av fjorden. Hengebruene vil bli i overkant av 1700 meter lange mellom brufesta.

Alternativ B og C er tilpassa ein eventuell framtidig tunnel gjennom fjellet til Hornindalsvatnet.

Les meir i papirutgåva måndag.