Home   >   Fylket   >   Dyrt å mangle bombrikke

Også denne gongen gjorde Biltilsynet fleire funn under ein kontroll av tunge køyretøy.

Dyrt å mangle bombrikke

Biltilsynet fann litt av kvart under ein kontroll på Kjøs i går kveld.

I alt 11 tunge køyretøy vart sjekka under kontrollen. Det viste seg at to av dei ikkje hadde med bombrikke, noko som kosta 8000 kroner kvar. Ein fekk gebyr for overlast på kr. 6050. To fekk brukforbod på grunn av sikthindring, medan ein førar fekk skriftleg åtvaring for for lang dagleg køyretid.