valborgkleiva C, 20 tomter

Dyraste tomta kostar 740.000

Rådmannen i Gloppen har no fastsett prisane på tomtene i det nye bustadfeltet i Valborgkleiva. Den dyraste tomta kostar 740.000 kroner, medan den rimelegaste kjem på 595.000 kroner.

Gjennomsnittsprisen på dei 20 tomtene i det nye bustadfeltet øvst i Valborgkleiva kjem på 668.500 kroner.

– Blir dette dei dyraste tomtene kommunen har selt nokon gong?

– Ja, det trur eg. Tomtene i Valborgkleiva blir dyrare enn i Hetlebakkane. Dette reflekterer prisane ute i marknaden og kva det kostar å opparbeide dei. Det blir ein del sprenging i dette feltet, seier teknisk sjef Kjell Petter Solhaug.

Anbodskonkurransen for utbygging av bustadfeltet er ferdig, og kommunen har inngått avtale med Volda Maskin AS. I tillegg skal kommunen sjølv stå for alt av røyrleggararbeid og innkjøp av materiale til dette. Opparbeidinga av feltet vil for kommunen sin del kome på 13,3 millionar kroner. Då er veg, straum, vatn og avløp lagt fram til tomtegrensene.

– Volda Maskin er så vidt begynt med å hogge skog i området. Byggjetida er sett til 25 veker. Det betyr at feltet vil vere byggjeklart i oktober-november, seier Solhaug.

Les meir i papirutgåva måndag.