Duka for Rypeskarrennet 2018

Tidleg påske og store snømengder i fjellet gjer at Rypeskarrennet i år blir avvikla i god tradisjon påskeaftan. I fjor vart rennet avlyst på grunn av for lite snø. 

Rennet blir arrangert av Fjellhug/Vereide IL, og går som tidlegare år med konkurranseløype på Utvikfjellet og med valfri løype for turgåarane.

Konkurransen går i fellesstart fristil, som eit av få turrenn i Noreg. Konkurranseklassa er delt. Klassene 13-16 år går kring ti kilometer, medan 17 år og eldre går heile rundløypa på om lag 23 km.

Turgåarane registrerer seg ved start på Utvikfjellet. Dei kan velje mellom å gå konkurranseløypa med start og mål same stad, eller gå turen over Rypeskaret til Kleivane skistadion i Fjellbygda.

Det er i samarbeid med Firda Billag sett opp buss frå Sandane til Utvikfjellet to gongar om morgonen, med retur frå Kleivane på tre ulike tidspunkt om ettermiddagen. Det er altso godt mogleg å parkere bilen på Sandane, ta bussen til fjells, gå den fine turen over fjellet og ta bussen ned att til Sandane.

Ved start er det gratis smørjeservice ved Intersport Sandane. Gratis saft ved saftstasjonen halvvegs og ved mål.

Etter den strålande vinteren so langt, satsar vi på ei fin påske òg. Sett av påskeaftan til ein strålande fin tur i flott terreng på Utvikfjellet.