Det pleier å vere tjukt av folk i Sandane sentrum under Sandane-dagane. Dette biletet er frå laurdagen i fjor.

Duka for nok ein folkefest

– Vi legg vekt på stor variasjon og breidde, og at alle skal finne noko som høver for seg, seier styreleiar Aadne Gloppestad før Sandane-dagane til helga.

Dei klassiske marknadsdagane i Sandane sentrum har ei historie som går heilt tilbake til 1979. Årets program inneheld litt av kvart for både små og store.

Iselin Solheim

– Vi føler vi har funne eit konsept som fungerer godt og som er blitt godt motteke av publikum. Slik sett ser vi ikkje nokon grunn til å finne opp krutet på nytt, men vi prøver sjølvsagt å variere innhald og program frå år til år, seier Aadne Gloppestad.

Heradsplassen er sjølve hjartet i sentrum og eit naturleg midtpunkt for underhaldninga under Sandane-dagane.

– Det blir fleire timar underhaldning frå hovudscena kvar dag, lovar Gloppestad og trur arrangøren har funne ein fin miks som appellerer til alle aldersgrupper.

Det heile startar fredag. Gloppar og velkjend radiorøyst Gro Ravnestad frå Sørstranda, skal stå for den offisielle opninga, før talentfulle Iselin Solheim frå Naustdal entrar podiet.

– Ho har tre singlar bak seg, og kjem med ein EP i løpet av hausten. I mai sleppte ho singelen ”Giants”, ein låt som har fått gode kritikkar og er B-lista i NRK P1. Også dei to første singlane hennar vart godt mottekne. Med den førre låg ho heile tolv veker på A-listene til statskanalen, seier styreleiaren og trur særleg det yngre publikummet vil setje pris på å sjå og høyre naustdalsjenta på Sandane.

Kari Svendsen

Neste kvinne på artistlista må seiast å vere mynta på dei som ikkje er heilt unge lenger.

– Kari Svendsen har lang røynsle og er framleis ein populær artist. I tillegg til konserten på hovudscena, vil ho halde ein minikonsert på Gloppen omsorgssenter fredag føremiddag. Vi ønskjer at også bebuarane der, som kanskje ikkje har høve til å kome seg til sentrum, skal få ta del i Sandane-dagane. I fjor var Vidar Lønn-Arnesen på omsorgssenteret, det var eit populært innslag, seier Gloppestad.

Fredagen byr også på innslag frå den lokale kulturskulen, zumba-oppvisning og eit humoristisk innslag med den velkjende programleiaren, moromannen, forfattaren og politikaren Arne Hjeltnes. Dagen blir avslutta med konsert med The Black Sorrows på Gloppen Hotell. Dette arrangementet er det Fjæra Bluesklubb som er ansvarleg for.

Vennebyen og politikardebatt

Laurdag kjem populære Vennebyen tilbake til Sandane.

– Dei var her i fjor og gjorde stor suksess. I år blir det to førestillingar på Heradsplassen laurdag ettermiddag, seier Gloppestad og nemner den klassiske auksjonen til Arbeidskyrkja, Honndalsmusikken og show med motorsagkunstnaren Arne Askeland som andre høgdepunkt laurdag.

Søndagen startar som alltid med gudsteneste på Heradsplassen.

– Dette er blitt ein fin tradisjon. Storteltet er alltid fullt under gudstenesta, som denne gongen blir leia av to prestar og etterfølgd av kyrkjekaffi.

Andre innslag søndag er veteranbilløp, konsert med populære Tre kvinner og ein mann, Steinar Karlsen og politikardebatt.

– Dette året er det listetoppane til kommunestyrevalet som stiller til debatt. Korleis dei stiller seg til kommunereforma og kven som støttar kven i kampen om ordførarklubba, vil vere sentrale tema, seier styreleiaren.

– Viktig marknadsføring

Nytt av året er klatrevegg utanfor Fargerike i Nordstrandsvegen.

– Vi ønskjer å spreie aktiviteten mest mogleg utover sentrum. Vi forlengar gågata med nokre meter i høve til tidlegare år, og innlemmar parkeringsplassen framfor fargehandelen i det bilfri området, opplyser Aadne Gloppestad og legg til at Gloppen Hotell som vanleg vil servere førsteklasses, kortreist mat alle tre dagane, og at Hugos Tivoli som alltid er på plass.

– Kva betyr Sandane-dagane for Sandane?

– Det er eit viktig marknadsføringsarrangement både for kommunen generelt og Sandane sentrum og dei næringsdrivande her spesielt. Den trivelege og avslappa atmosfæren utan kjøpepress, og der det meste av aktivitetar og underhaldning er gratis, er god reklame. Vi ønskjer at dette skal vere ei helg der både fastbuande og tilreisande skal kunne ta seg god tid og kose seg i sentrum med god mat, ein god søg, ulike aktivitetar og variert underhaldning. Vi har eit svært flott sentrum i ei vakker bygd som er vel verd å vise fram, seier styreleiaren og kryssar fingrar for vêrgudar i godlune:

– Alle utandørsarrangement er avhengige av vêret, alt blir så mykje trivelegare og enklare då, men heller ikkje vi har stort vi skulle ha sagt overfor dei som styrer høg- og lågtrykk, smiler han.