Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Drog i land tre poeng

Drog i land tre poeng

Sandane slo Fjøra 2/Sogndal 3 2-1 i ein 5. divisjonskamp i Sandane Idrettspark måndag kveld.

Heimelaget tok leiinga ved Abraham Johnny allereie etter tre minutt, bortelaget utlikna nokre minutt seinare.

Kvarteret ut i andre omgang sette Filip Pleym Mardal inn 2-1 for dei heilblå. Sjølv om sogningane pressa på for utlikning mot slutten, stod resultatet seg kampen ut.

Sandane ligg no på 2. plass i 5. divisjon med 29 poeng på 14 kampar. Studentspretten toppar med 30 poeng på tolv kampar. På 3. plass ligg Kaupanger med 28 poeng etter 13 spelte kampar.