Dømd for snikfilming i damegarderobane

Ein mann i 20-åra er dømd for å ha montert fleire skjulte kamera og ha filma kvinnelege kollegaer medan dei skifte kle. Dette skjedde i ei verksemd i Nordfjord.


Tilhøva mannen er dømde for skjedde våren 2017. Mannen trur sjølv han filma kvinner han arbeidde saman med kring 20 gonger, heilt utan at dei var klar over det, medan dei skifta i damegarderobane.

Fleire kamera i ulike garderobar

Det var eitt kamera som vart montert i ulike garderobar nytta av damene på arbeidsplassen. Kameraet vart flytta rundt, og synte filmopptak frå fleire stadar. Utstyret vart plassert slik at det var vanskeleg å oppdage, det var montert inne i garderobeskap der skapdøra vart sett på gløtt.

Det vart funne fleire filmopptak på minnebrikker, på mannen sin PC og telefon. Filminga var seksuelt motivert, han prøvde å få filma kollegane medan dei var nakne eller lettkladde, og han handla med forsett, står det å lese i dommen frå Sogn og Fjordane tingrett.

Straffa vart skjerpa

Mannen som er tidlegare ustraffa, tilstod tilhøvet utan atterhald, og retten fann at aktor sin påstand om straff var for mild.

Under tvil vart retten einig om at straffa skulle vere på vilkår. Dette vart grunngjeve med lang sakshandsaming og etterforsking hos politiet, samt ei atterhaldslaus tilståing frå mannen.

I utgangspunktet vert brotsverk av denne typen straffa med fengsel utan vilkår. Retten landa etter ei samla vurdering på at ei straff på fengsel i 60 dagar på vilkår, med ei prøvetid på to år, var passeleg. Mannen vart òg dømd til å betale ei bot på 10 000 kroner til statskassa, og kamerautstyret vart inndrege.