Sandane tek leiinga 2-1 i kampen mot Høyang på ei sikker straffe av Jonas Denk.

- Dette var vanvittig deilig

To kjappe mål på tampen av første omgang var det som skulle til.




Sandane vann 3-2 over opprykkskandidat Høyang i ein kamp som vart akkurat så dramatisk som ein kamp mellom to opprykkskandidatar skal vere.

- Det er heilt fantastisk, og det er heilt fantastisk at vi greier å dra seieren i land sjølv om Høyang pressa på noko voldsomt, seier tomålsskorar Jonas Denk. Saman med lagkameratane sleit han heile andre omgang for å halde Høyang frå mål, og det heldt hardt.

- Det var nervepirrande på slutten, eller eigentleg heile omgangen, og då er det utruleg deilig å ta alle poenga, seier han.

Sleit i første
Høyang starta kampen best, og alt etter åtte minutt låg ballen i nota bak keeper Simon Andre Gimmestad

I eit sjeldan angrep frå Sandane si side vart det frispark, og etter at ballen gjekk litt fram og tilbake i feltet utlikna Johnny Abraham kontant til 1-1. Det var likevel få mellom publikum som i løpet av dei første 40 minutta såg føre seg at heimelaget skulle ha to måls leiing til pause.



Ein nøgd Johnny Abraham har utlinka for Sandane.

Men tre minutt før slutt får Mads Wie kontroll på eit langt framspel, utfordrar Høyang-målvakta, og vert felt. Ingen protesterte på straffa. Den sette Jonas Denk til venstre i mål, keeper gjekk andre vegen.

Viktig siger
- Eg bestemte meg med ein gong kvar eg skulle sette den, og det gjekk inn, seier han. To minutt måtte han skrivast inn i målprotokollen igjen.

- Vi slår langt, Mads stussar vidare til Sebastian (Haugen) og Sebastian slår perfekt til meg, og så er eg åleine med keeper. Ballen gjekk inn. Det var deilig, oppsummerer Denk.

- Det er litt stress og det er litt kynisme på slutten der, og det er godt å vere ferdig med denne kampen. Høyang er eit sterkt lag, og når vi satsar på opprykk er det slike kampar som betyr noko, seier Denk.

Eit vinnarlag
- Det er ein dritkamp av oss, vi gjer ikkje som vi skal i første omgangen, vi heng ikkje saman og vi er griseheldige at vi ikkje ligg under med mange mål til pause. Trenar Torbjørn Gran oppsummerer kampen enkelt.

- Så klarer vi å justere det i pausen og kjem ut og gjennomfører andreomgangen betre organisert både offensivt og defensivt.

- Men det er likevel i første omgang de scorar tre mål?

- Ja, men det er som eg seier, det er eit vinnarlag som vinn slike kampar. Vi er griseheldig og vi er kjempedyktige når det gjeld. Dei to måla på slutten av første etter at dei har hatt fleire hundreprosent-sjansar viser kor fort det kan snu, seier Gran.



Ingen protesterte på at Mads Wie fekk straffe i denne situasjonen.

Hardt pressa
I andre omgang var det igjen Høyang som køyrde kampen og etter eit godt kvarter reduserer gjestane. På slutten av kampen var det nesten som eit cup-oppgjer, Høyang køyrde fram alt dei hadde for å sjå om dei fekk med seg eitt poeng eller tre. Det gjekk ikkje. Med godt forsvarsarbeid og ein dyktig Simon Andre Gimmestad i mål greidde Sandane å ta sin tredje strake trepoengar i år, og står med ni poeng på tre kampar.

- Det har litt med at kollektivet byrjar fungere og at vi har enkeltspelar som kan ta ein ekstra jobb. Det er innsatsen i andre omgangen som gjer at vi vinn kampen. Då er det folk som spring seg i hel der ute for å ta dette i land, seier trenar Torbjørn Gran.

Kampfakta
0-1 8 min Joakim Måren
1-1 30 min Johnny Abraham
2-1 44 min Jonas Denk
3-1 46 min Jonas Denk
3-2 62 min Jacob Bergset