Idrettselevar er ikkje som andre elevar.

– Dette var ein kul revy

Dette var ein kul revy. Eg likar humoren, og stemninga var veldig god heile vegen. Eg har svært lyst til å vere med på revyen til neste år, seier Daniel Skadal frå Dale.

Han går andre idrett på Firda vidaregåande skule, og var ein av mange som fekk med seg russerevyen «Verda og vi» fredag kveld.



– Ei intens veke

Revysjef Miriam Tjugum fortel at russen har lagt ned mykje arbeid i revyen.

– Vi starta for rundt to månader sidan, og har hatt ei manusgruppe i sving. Øvingane starta først for ei veke sidan. Det har vore svært intenst dei siste dagane, men eg trur det gjekk bra i kveld, smiler danseeleven frå Balestrand.

Ho har hatt ansvaret for regien i lag med russepresident Elisabeth Fure Schwarz.

– Mange har hjelpt til. Eg hadde aldri klart dette åleine. Kullet vårt består av mange smarte hovud, mange moroklumpar og hyggjelege menneske. Vi behandlar kvarandre veldig fint, og det er eit flott kull å vere ein del av, slår ho fast.

 





Kultursalen var fullsett då russen viste fram revyen sin fredag kveld.

Elevar på studiespesialisering må ha med seg bøker - også på fest.
Eit besøk hos bestemor kan by på språkforvirring.
Elevane på musikk bør vite kva ein ters er.
Kultursalen var fullsett då russen viste fram revyen sin fredag kveld.
Ei tid gjekk det berre munkar på Firda, og dei song utan ord.