Mine Rye i gamal drakt på brudebilete. Foto: Privat.

Dette inspirerte Nordfjordbunaden

Nordfjord Folkemuseum opna i mai utstillinga frå «Folkedrakt til bunad i Nordfjord». Kort tid etter opninga fekk utstillinga eit gjævt og spanande tilskot.

- Etter å ha reklamert for utstillinga på Facebook vart vi faktisk kontakta av ein etterkomar av Mina Rye, som designa det som vi i dag kjenner som Nordfjordbunaden. Ho har den stakken og livet som Rye let seg inspirere av. No er vi så heldige at vi også får stille den ut på museet, seier avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.

Utstillinga tek føre seg utviklinga frå folkedraktene på 1700-talet og fram til dagens bunadstradisjonar. Utstillinga står til midten av september, og er den første som berre tek føre seg Nordfjordbunaden.

Eigen monter i utstillinga

- For oss er det ekstra stas å kunne syne fram noko av det som dagens bunad faktisk er tufta på. Vi veit også at Mina Rye hadde eit svart liv som ho let seg inspirere av. Ho tok utgangspunkt i draktdelar som kom frå heimegarden i Gloppen. For utforming av forkle og skjorte let ho seg inspirere av klede som var leverte inn til museet, fortel Moe.

Bunaden vart første gong presentert på ei landsutstilling i Bergen i 1928. Mina Rye gjorde jobben på oppmoding frå Ola Sande, formann i Firda Ungdomslag. Rye brukte sjølv stakken og livet som i dag står utstilt på museet. Ein kjapp kikk i monteren avslører raskt at det er relativt stor skilnad på det Rye let seg inspirere av og det ho til slutt enda opp med.

- Eg trur noko av grunnen til at ho gjekk vekk i frå eit liv med trykt mønster handlar om at det på 20-talet var einsfarga liv som var ettertrakta, og det var rimelegare. Kvite skjorteermar var også eit ideal i bunadene. Å ha strikka ermar ville dessutan gjort plagget meir kostbart, seier Moe.



Leitar etter nye svar

Moe har sjølv bakgrunn som dagleg leiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Ho har publisert fleire fagartiklar om bunaden si historie. No vil ho prøve å finne ut meir om arbeidet som leia fram til dagens Nordfjordbunad.

- Eg har lyst å sjå nærare på kvifor Rye valde einsfarga liv. Det hadde også vore artig å vite om det svarte livet som ho såg på hadde banda på ryggen som er eit av særmerka ved dagens Nordfjordbunad.

Ein annan ting Moe er nysgjerrig på, er det raude livet til Nordfjordbunaden.

- Vi veit at bunadnemnda i 1951 tilrådde svart eller grønt liv, men dei visste at også raude og blå liv var brukt. Var raude liv brukt i bunaden før 1951, eller er det fyrst i nyare tid ein har teke det opp igjen?

Døtrene til Mette Mjelde Grimsrud i rekonstruerte bunader etter Mina Rye. Foto: Privat.
På stakken etter Mina Rye var det sett på nyare silkeband. – Vi fekk lov å ta det vekk, og under skjulte bandet, som i dag er på alle Nordfjordbunader er, fortel Anne Kristin Moe begeistra. Foto: Nordfjord Folkemuseum.