Home   >   Fylket   >   – Dette er ikkje avgjort

- Det er for tidleg å juble eller deppe, seier ein framleis optimistisk Steinar Ness. Foto: Aadne Gloppestad

– Dette er ikkje avgjort

Ikkje sikkert det blir avklaring før i morgon, meiner Steinar Ness.

–Dette vert som venta ein spennande kveld. Her er det for tidleg å juble eller å deppe, seier Sp sin andrekandidat og tidlegare generalsekretær, Steinar Ness. Dei første prognosane og valdagsmålingane syner eit overtak for den borgarlege blokka og at Erna Solberg held fram som statsminister, men både Venstre og KrF balanserer på sperregrensa, medan både Dei Grøne og Raudt ikkje ser ut til å nå den.  Ap ser ut til  gjere eit dårleg val påvel 27 prosent og Høgre pustar dei i nakken. FrP ser ut til å gjere eit godt val , medan Sp ligg i underkant av 10 prosent, som er solid framgang frå førre val.

-For oss ser dette ut til å bli eit historisk godt val. Det er heilt ope korleis det går, både nasjonalt og her i fylket, seier Ness, som framleis ser kampen om tredjemandatet som open.

-Kampen om regjeringsmakta kan vippe begge vegar. Det er ikkje sikkert at det blir ei endeleg avklaring før i morgon, seier Ness.