– I dette området er det ein del omsyn å ta enn berre å planleggje den lettaste vegen. Det er heilt klart, sa ordførar Leidulf Gloppestad.

– Dette er heilt på tryne

– Det er etter mitt syn heilt på tryne at desse to prosjekta ikkje kan sjåast i samanheng, sa ordførar Leidulf Gloppestad under det opne møtet i Breidarheim på Byrkjelo onsdag kveld.


Han snakka då om kommunedelplanen for E39 mellom Byrkjelo-Grodås og midlane som nyleg er løyvd til å rassikre Våtedalen.

1,0 milliard
– Som de har sett i Nasjonal Transportplan, skal staten bruke 1,0 milliard kroner på rassikring i Våtedalen. Så har Statens vegvesen fått i oppgåve å planleggje E39 frå Byrkjelo til Grodås. Det er forunderleg og gale at ein ikkje startar på Skei når ein skal planleggje denne vegen, men ved ei udefinert grense på Byrkjelo, og så kan ein ikkje sjå desse prosjekta i samanheng. For det har ein del å bety korleis vegen kjem gjennom Våtedalen, og korleis ein skal leggje vegen frå Byrkjelo slik at desse to prosjekta møtest, sa Leidulf Gloppestad då han ønskte velkommen til møtet.


Gloppen kommune har saman med utviklingslaget og bondelaget vore representert i referansegruppa til E39 Byrkjelo-Grodås.

– Kommunen si referansegruppe har kome med innspel, men nokre av desse er blitt forkasta. Vi har hatt to fokus. For det første skal E39 vere ein veg vi har nytte av. For det andre må ein ta omsyn til dyrka jord. Eit primærønske frå kommunen var at vegen skulle gå gjennom Byrkjelo sentrum. Det går ikkje. Men det må vere mogleg å grave ned vegar. Det må vere mogleg å sende fråvikssøknader, og det må vere mogleg å ta omsyn til matjord og ikkje berre ty til dei lettaste løysingane, sa ordføraren.

Lanserte ny trasé
Planleggingsleiar Ellen Njøs Slinde og Kurt Skagen frå Statens vegvesen orienterte dei frammøtte om planprogrammet for E39 Byrkjelo-Grodås som ligg ute til høyring frå 14. april til 1. juni. Gjennom Gloppen vil vegvesenet vurdere tre vegtraséar.

Geir Thomas Myklebust, leiar i Breim bondelag, lanserte ein fjerde trasé som bondelaget meiner vernar den dyrka jorda.