Gloppen-ordførar Anders Ryssdal og fylkesvaraordførar Jenny Følling konstaterer at framlegget til statsbudsjett er blitt betre, men er særleg skuffa over manglande vegløyvingar.

– Dette er eit klart løftebrot frå regjeringa

Jenny Følling er også leiar i Stamvegutvalet E39. Ho konstaterer at det ikkje er sett av midlar til nye opprustingstiltak av E39, berre midlar til å vidareføre arbeid som er starta.
Skuffande

– Det er ingenting nytt til E39. Det er svært skuffande. Bjørset – Skei er ferdig planlagt. Det burde vore sett av ei startløyving. Om ikkje meir, så 10 mill. kroner. Då var ein i det minste i gang, seier Følling og konstaterer at målet om gul midtstripe på den fremste transportåra nord-sør gjennom vårt fylke blir skubba endå lenger ut i tid.

Følling konstaterer også at 20 minutts avgangar på ferjesambandet Lote – Anda heller ikkje er nemnt.

– Det hadde Sp med i sitt alternative statsbudsjett, pluss planleggingsmidlar Byrkjelo – Sandane og ei auke i ramma på 400 mill. kroner, seier Følling.