- Dette er eg ikkje i tvil om

Reidar Føleide har farta meir i skog og mark enn dei fleste og han er ein røynd og allsidig jeger. Fredag kveld fekk han for første gong sjå det han er hundre prosent sikker på var ein lys levande ulv på Sagefloten i Breim.

Det var på veg heim att etter ein tur på skytebana på Byrkjelo fredag at Føleide såg at det lyste i eit auge i vegkanten ved Sagefloten i Breim. Klokka var nøyaktig fem over halv ti om kvelden då Føleide fekk det han kallar ei spesiell oppleving.

Heilt sikker

— Eg er ikkje i tvil om kva eg såg; det var ein ulv, det er eg heilt hundre prosent sikker på, fortel Reidar Føleide om møtet han hadde med dyret på ti meters hald.

— Første tanken var rev eller hjort då eg såg at det lyste i eit auge. Men etter at eg kom litt nærare trudde eg først at det var ein skiten sau som sto i vegkanten. Dyret sto roleg og såg på bilen som nærma seg, og på ti meters hald såg eg kva det var; ein ulv. Den var lang, men ganske tynn, og akkurat det la eg spesielt merke til. Den sto først på venstre sida av vegen før den kryssa over til andre sida og forsvann på oppsida av E-39.

Les heile saka i papirutgåva måndag.