Onsdag kveld kan du høyre Sigrid Moldestad og Breimskoret, under dirigent Solfrid Bjørkum, framføre kjende og ny-arrangerte Sigrid-songar i Breim kyrkje.

– Dette blir superstas!

– Å få gjere eit slikt prosjekt i lag med mitt kjære Breimskor er berre superstas. Eg berre gler meg, smiler Sigrid Moldestad. Onsdag kveld er det duka for stor konsert i Breim kyrkje.


«Himlen har sove bort mørkret» er tittelen for konserten. Som mange veit er det ein av Sigrid sine nydelege songar, og det er nettopp det denne spesielle konserten skal handle om. Sigrid i lag med Breimskoret framfører songar som har gjort Breims-jenta til ein ettertrakta og populær artist landet over.

Samarbeidsprosjekt
– Det er noko eg har tenkt på lenge. Det å kunne arrangere nokre av songane mine for kor, skape eit samarbeidsprosjekt med kor. Og då var det sjølvsagt heilt naturleg for meg å starte med koret som eg har hatt så mykje glede saman med og som står mitt hjarte nærast.

Og sjølv om det no er nokre år sidan eg har hatt høve til å vere med på kabareten, er det superstas å få lov å kome tilbake og synge saman med koret mitt. Dei har vore så positive, det set eg stor pris på, smiler Sigrid.

Ho fortel at ho kjem med sitt eige band til konserten, og at songane hennar har fått heilt nye arrangement. Så det er mykje å glede seg til.
Prosjektet er ikkje laga berre for Breimskoret.

– Nei, det er for kor som er interesserte i å lage eit opplegg som dette. Det har ikkje vore noko marknadsføring av det enno, men det har no alt vore nokon som har meldt interesse, så vi får sjå korleis det blir etter urframføringa i Breimskyrkja, seier Sigrid.

Overskotet til Pederhuset
Spesielt med onsdagens konsert er også at heile overskotet, inkludert Sigrid sitt honorar, går til eit spesielt prosjekt i bygda som har vorte eit hjartebarn for artisten.

– Ja, det skal gå til Pederhuset. Vi er i startgropa i arbeidet med å få restaurere heimen til Peder Råd. Vi har fått ut ein del søknader, og inn ein del midlar, så det er gjort ein del av det arbeidet som ikkje syner så mykje. Vi håpar å kome i gang ut på sommaren, seier Sigrid.

– Står i ein arv
– Eg kallar det eit påminningshus, seier Sigrid, når vi spør om kva dette prosjektet betyr for henne.

– Det er ei påminning på den sterke musikktradisjonen og dei røtene vi har her i bygda. At vi står i ein arv og ein tradisjon. Vi har ei historie vi må fortelje vidare. Det er noko ein tenkjer meir på når ein vert eldre, og sidan eg no bur i Bergen, er det ekstra fint å få til noko slikt heime i Breim.

Ho ser føre seg at dette skal bli eit levande kulturhus i bygda, med musikk, bilete og arkiv. Ein stad musikk-kollegaer og kunstnarar kan kome, ei kulturstove for heile bygda. Men først handlar det om å berge huset frå vidare forfall.

Og før Sigrid kjem til konsert i si heimlege kyrkje, har ho eit oppdrag som kanskje også har med noko røtene å gjere. I morgon skal ho opptre under den store bondemarkeringa i hovudstaden.