Home   >   Fylket   >   – Dette blir spektakulært

- Det er første gong KORK spelar i Gloppen og det er veldig stas, seier orkestersjef Rolf Lennart Stensø (t.h.) til Jan-Kjetil Øygard.

– Dette blir spektakulært

– Konserten med Kringkastingsorkesteret i Trivselshallen laurdag ettermiddag blir spektakulær. Eg håpar publikum vil fylle hallen, seier Jan-Kjetil Øygard, kultursjef i Gloppen kommune.

– Vi har i mange år hatt ønske om å få Kringkastingsorkesteret (KORK) til fylket og til Sandane. No er dei her, og då bør så mange som mogleg oppleve dei «live». Til no har vi selt vel 600 billettar. Eg håpar vi kjem opp i tusen. Dette bør folk få med seg, seier Øygard.

Starta for to år sidan
Han gler seg til konserten i den nye storstova i kommunen.

– Trivselshallen er ein fleirbrukshall som stort sett er blitt brukt til idrett. No blir det moro å få prøve han ut som konsertarena, seier kultursjefen.

Rolf Lennart Stensø er orkestersjef i KORK.

– Kva er bakgrunnen for at de vitjar Sandane?

– Historia starta for to år sidan med ein førespurnad frå Gloppen Musikkfest, men det heng saman med at nokre av musikarane våre har vore involvert i festivalen i mange år. Vi har hatt eit forhold til Gloppen utan å ha vore her før. Musikarane har snakka om Gloppen med enorm varme og kjærleik, så vi har vore litt nyfikne. Eg var her for første gong for to år sidan. Då starta ballen å rulle, fortel han.

– Veldig kjekt å vere her
Det er litt spesielt å leggje konserten til ein idrettshall.

– Det gjer vi for at så mange som mogleg skal få konserten med seg. Vi er vane med å spele i slike hallar. Det har vi gjort mange gongar, og vi veit nøyaktig kva vi skal gjere. Magikaren – lydmannen – står på motsett side av orkesteret. Han løyser dette på ein fantastisk måte. Vi har eit hav av mikrofonar, og han lagar lyden så nært opp til det akustiske som er mogleg å få, forklarer Stensø.

Han har med seg nesten 60 musikarar.

– Eg gler meg veldig til konserten i morgon. Det er veldig kjekt å vere her. Å spele Beethoven sin Skjebnesymfoni her er noko anna enn i Oslo. Det blir veldig morosamt. Når vi kjem hit og lagar ei radiosending her, er innpakkinga og møtet med plassen med på å farge kvar einskild musikar, men også radioprogrammet som vi lagar, seier han.

– Utruleg fin musikk
Audun Sandvik er kjend for publikum i Gloppen etter å ha vore engasjert i musikkfesten gjennom mange år. Han er fast tilsett i orkesteret og skal vere solist på Sjostakovitsj sin cellokonsert nr. 1.

– Dette er eit stykke som både han og orkesteret likar veldig godt å spele. Musikken er utruleg fin. Å kunne trekkje fram ein så god musikar frå eigne rekkjer gjer oss ekstra stolte. Når det i tillegg er ein musikar som folk her har eit forhold til, så er det veldig stas, seier orkestersjefen.