Dette blir rått

Om ein ikkje får med seg løpet meter for meter, er det nok mange som er innom og ser på Tour de France i løpet av sommaren. Ikkje berre fordi vi får sjå verdas beste syklistar i heftige duellar, bratte fjellparti og susande spurtar, men også fordi vi blir tatt med på ei fascinerande reise gjennom vakre landskap, lokale kulturar og spennande historie. Tour des Fjords er det norske svaret på dette gigantiske arrangementet, etter nokre år har det alt fått ein solid status og posisjon som noko heilt eksklusivt innan sykkelsporten. Difor samlast også dei fleste av verdas beste syklistar til kappestrid på norske vegar.

Gode krefter har arbeidd for det ei stund, og denne veka kom altså nyhendet om at i neste års Tour des Fjords skal det leggast ein etappe gjennom Sogn og Fjordane. Etappen skal gå gjennom strålande vestlandsk natur, med start i Balestrand, eit samanhengande 10 km langt klatreparti opp Gaularfjellet, så via Rørvikfjellet til Moskog, før ferda går inn i Astrupland med ein rundtur kring Jølstravatnet, og målet ventar i Førde sentrum. Då har syklistane lagt bak seg 195 km variert landeveg, der høgaste punkt er 750 meter over havet.

Les heile leiaren i papiravisa fredag.