Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   -Dette anlegget er unikt

Presidenten i golfforbundet, Marit Wiig, slo første slaget på den nye treholsbana.

-Dette anlegget er unikt

Det sa president i Norges Golfforbind, Marit Wiig, då ho i dag opna den nye treholsbana for born og unge på Sunnfjord Golfklubb si bane på Vassenden.

Sunnfjord Golfklubb feirar 25-års jubileum i år og marker dette no i helga, mellom anna med offisiell opning av det nye anlegget som har kunstgras på greenane og snart vil få lys.

Pedagogisk

– Denne bana er veldig pedagogisk oppbygd og kombinerer tilbod for nybyrjarar og vidarekomne. Her er det mange som gjer og tenkjer rett, sa Wiig i opningstalen. Ho var sjølvsagt også inne på barne- og ungdomsarbeidet i klubben.

– De har ei breidde det står respekt av og eg er spent på å følgje klubben vidare.

Viktig for rekrutteringa

-Kva skal til for å få rekruttering til golfen?

-Eg har ikkje høyrt om klubbar med anlegg som dette, og det at barn og unge får instruksjon og blir tekne vare på som her er viktig. Spranget mellom det å vere nybyrjar og å bli fast spelar, er ofte langt. Her er det lagt til rette for at det skal bli så kort som mogeleg, sa golfpresidenten etter at ho hadde teke det første slaget på den nye treholsbana.

Marit Wiig var imponert over breidda i Sunnfjord Golfklubb. Her er ho i lag med nokre av dei unge spelarane i klubben.