– Det skjer noko heile helga, reklamerer Hans Ole Andenæs (t.v.) og Peter Holvik Lothe i Fjæra Bluesklubb før det 19. Fjordblues på Sandane.

– Det beste og mest omfattande programmet nokon gong

– Dette er det desidert største programmet vi har hatt på Fjordblues, seier leiar Hans Ole Andenæs og sponsoransvarleg Peter Holvik Lothe i Fjæra Bluesklubb.

I år er bluesklubben på Sandane 25 år. Det syner att på programmet for Fjordblues. Fleire artistar og eit meir omfattande program enn tidlegare skal trekkje publikum til konsertarenaene.

Damer i fokus

– Vi synest det er eit kvalitetsprogram. Vi har lagt ein alen til vår vekst i år òg, seier Hans Ole Andenæs og Peter Holvik Lothe og fortel at ti band skal halde til saman 15 konsertar i løpet av tre dagar.

Det heile tek til med barne-/familiekonsert i Trivselshagen torsdag ettermiddag. Fredag er det skulekonsert i Aulaen på Firda vidaregåande skule, kafékonsert på Lauget Kaffi og Kultur og konsertkveld på Gloppen Hotell. Laurdag startar med konsert på Lauget, før det blir akustisk konsert i Stovene på Gloppen Hotell. Det heile blir som vanleg avslutta i to etasjar på hotellet laurdag kveld.

– Vi er litt stolte av å ha to damer som hovudartistar. Det er ikkje for mange damer i bluesen, så det er slett ikkje alle arrangørar som klarer å få til det vi har gjort, seier Holvik Lothe og viser til amerikanske Danielle Nicole og canadiske Colleen Rennison.

Begge tek med banda sine til Sandane.

– Det er to veldig spennande artistar. Det er første gong Danielle Nicole er i Noreg med sitt eige band. Vi har hatt henne på blokka i to-tre år, denne gongen klaffa det, seier Andenes.

Også Colleen Rennison og bandet No Sinner har stått på ønskelista ei stund.

– Det er eit tøft band med skikkeleg trykk. Colleen er mest kjend som skodespelar i heimlandet, men no satsar ho for fullt på blues- og rockeband, fortel leiaren i bluesklubben.

Les heile artikkelen og sjå omtale av alle Fjordblues-artistane i papiravisa onsdag.