Tommy Folkestad (t.h.) frå Gloppen deltok i Europameisterskapen for trikkeførarar i helga, og tykte det var veldig moro. Her saman med lagkamerat Felipe Salgado. (Privat foto)

Deltok i EM i trikkekøyring

For snart eitt år sidan begynte Tommy Folkestad å køyre bybane i Bergen. Saman med ein kollega deltok han i helga i Europameisterskapen i trikkekøying i Wien. – Det var svært spennande, seier 32-åringen.

Dette var fjerde gong Europameisterskapen i trikkekøyring vart arrangert, men første gongen eit lag frå Bergen deltok i konkurransen.

To vognførarar

Laget frå Bergen bestod av to vognførarar, Tommy Folkestad og Felipe Salgado, i tillegg til to lagleiarar, Jan-Ove Halsøy og Rene Molijin.

– Begge vognførarane på laget var gjennom dei same øvingane, og så var det totalen som talde. Fleire av øvingane handla om presisjonskøyring. Vil skulle til dømes berekne avstanden til ei hindring i bana. Ei av øvingane var å sykle på trikkeskinna med dresin. Den artigaste øvinga etter mitt syn var trikkebowling, der vi skulle køyre på ein ball – som igjen skulle treffe fire kjegler. I løpet av åtte-ti minutt var eg ferdig med det eg skulle gjere. Felipe Salgado har køyrt bybane mykje lenger enn meg. Han er opphavleg frå Chile, men har budd i Bergen i ei årrekkje, fortel Tommy Folkestad.

Les korleis det gjekk med Tommy Folkestad i EM i papirutgåva onsdag.