Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Delte poenga

William Landøy i fint driv mot Syril.

Delte poenga

Sandane og Syril spelte uavgjort 3-3 i ein 5. divisjonskamp i Sandane idrettspark måndag kveld.

Syril tok leiinga tidleg i kampen, før Gudmund Bjotveit utlikna etter ein dryg halvtime. Gjestane frå Sogn kvitterte kjapt og gjekk til pause med 2-1-leiing.

Etter kvilen stod kampen og vippa, dei fleste trudde nok STIL skulle kome med ein sterk sluttspurt og ta alle poenga etter at Petja Cink utlikna med kvarteret att å spele. I staden gjekk Syril opp i ny leiing, før Eirik Rauset sikra heimelaget eitt poeng med scoringa si fem minutt før full tid.