Cecilie M. Helgheim gler seg til å kunne ta pasientane med på tur i denne sykkeltaxien. Passasjerane denne gongen var Jorunn Landstad, sjukepleiar 1 i første etasje, og Ruth Bergheim, sjukepleiar i andre etasje på Gloppen omsorgssenter.

Dei syklar som aldri før

Ved Gloppen omsorgssenter satsar ein for tida på sykling både ute og inne. I andre etasje får pasientane no tilbod om å sjå film samtidig som dei syklar på ein stasjonær trimsykkel. I tillegg er det kjøpt inn to sykkeltaxiar på huset slik at dei tilsette kan ta pasientane med på tur.

– Vi har kjøpt inn to sykkeltaxiar, ein til første etasje og ein til andre etasje. Einingsleiar i første, Iren Knutsen Utheim, og eg såg for ei tid tilbake eit innslag om sykkeltaxiar på fjernsyn. Vi tenkte med ein gong at dette ville høve godt her på omsorgssenteret, fortel Cecilie M. Helgheim.

– Mykje latter

Ho er einingsleiar i andre etasje, eller Oreteigen som eininga heiter.

– Ved hjelp av sykkeltaxiane kan vi kome oss meir ut, og vi kan nå lenger enn om vi berre trillar pasientane. No kan vi ta ein tur på Sandane om vi vil, og pasientane får kjenne vinden i håret. Dette er elektriske syklar med tre hjul og plass til to passasjerar om gongen. Passasjerane sit framme, har god utsikt og kan nyte turen. Den som sit på sykkelsetet får god hjelp av el-motoren. Dermed blir det ikkje for slitsamt å sykle. Om ein vil, kan ein sykle utan å bruke motor, fortel ho.

Les meir i papirutgåva måndag.