Home   >   Nyhende   >   Dei har gjeve ut EP

4. februar spelte Silo på Lauget på Sandane. Frå venstre: vokalist Halvor Nesbakk, Oliver Igland (trommer), Iver Strand Senneset (gitar) og Bartek Galek (bass).

Dei har gjeve ut EP

– Det har vore ein draum å gje ut musikken vår, fortel Oliver Igland i bluesrockebandet Silo. Torsdag sleppte bandet sin aller første EP, «Not anytime soon», som inneheld fem eigenproduserte låtar.

Etter at Silo gjekk til topps i Union Blues Cup på Notodden i august i fjor, har bandet fått mange speleoppdrag.

Musikklinja

– Når vi skal gjere avtale om ein spelejobb, er det ein fordel å ha noko å vise til. Samtidig har det vore eit mål å lage ein EP og etter kvart også eit album. Materialet vi har gjeve ut på EP-en har vi halde på med eitt års tid. Alt er sjølvlaga og skrive av gitaristen vår, Iver Strand Senneset. Han skriv tekst, riff og komp og lagar ei god skisse. Deretter fullfører vi arbeidet saman, fortel Oliver Igland.

Alle medlemmene i bandet har tilknyting til musikklinja på Firda. Bartek Galek og Halvor Nesbakk går tredje musikk. Iver Strand Senneset starta på musikklinja, men går no andre året på studiespesialiserande linje. Oliver Igland gjekk ut av musikklinja i fjor, og går no på Viken folkehøgskule på Gjøvik.

– I feriar reiser eg ofte til Sandane slik at vi får øve i lag, forklarer 19-åringen.

Bluesklubben til stor hjelp

Bandet vart etablert sommaren 2014.

– Vi var fire kompisar frå Bremanger som begynte å spele i lag. I starten gjekk det mykje i covermusikk, og vi fann ut at vi hadde lyst til å halde fram med å spele i lag. Etter at vi begynte på Firda, kom Bartek Galek frå Førde med og vi fekk spelejobb på Fjord Blues. Vi spelte på festivalen både i 2015 og i 2016. Fjæra Bluesklubb har hjelpt oss mykje, seier Igland til Firda Tidend.

Bluesklubben oppmoda Silo om å melde seg på Union Blues Cup.

– I april i fjor deltok vi i regionfinalen i Trondheim. I starten av august var det semifinale og finale på Notodden. Nivået var skyhøgt, og det kjendest heilt surrealistisk å gå til topps i finalen. Det kom brått på for oss alle. Vi hadde ikkje venta å vinne. Det var heilt fantastisk, slår han fast.

– Prøver å nyte året

– Kva har dette betydd for Silo?

– Vi har fått mange sjansar til å vise oss fram rundt i Noreg. Vi får mange spelejobbar, og får råd og rettleiing undervegs. Vi har fått ein eigen manager, Trond Johansen. Han tek seg av både booking og planlegging. Siste helga i februar skal vi til Kongsvinger og Lillestrøm. Vi har også mange speleoppdrag til sommaren og hausten, mellom anna skal vi til Svalbard, fortel Oliver Igland.

Det er ei utfordring å kombinere alle speleoppdraga med skule.

– For min del går det greitt, men for dei som går på vidaregåande skule er det meir krevjande. Vi prøver så godt vi kan å nyte dette året og dei moglegheitene vi får. Vi skal spele så mykje som mogleg, ha det kjekt i lag og spreie musikken vår på ulike måtar. Det er det som er målet. Alle låtane våre er tilgjengelege på Spotify. Tilbakemeldingane frå publikum er svært gode. Det gler vi oss over, seier han.