Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Dei fekk ein smak av Jølster

Etter litt tørrtrening på land kom kajakkane på vatnet.

Dei fekk ein smak av Jølster

Selskapet Jølster 365, eit bedriftsnettverk med 16 reiselivsbedrifter, har denne helga testa ut tre pakkar samansett av diverse opplevingar, i tillegg til mat.

Alt var gratis for dei som var med, og mellom 227 søkjarar vart 20 plukka ut til å teste ut pakkane «Eventyraren», «Livsnytaren» og «Utforskaren». Deltakarane, som var frå heile landet kom til Jølster fredag og starta med felles pizzabaking i Fjordamattunet før dei vart inkvarterte på hotell og hytter, alt etter kva pakke dei skulle vere med på.

Varierte tilbod

Laurdag og søndag var det så diverse friluftsaktivitetar som padling, fjellturar, golf, øksekasting og leiirdueskyting. Dei som var med på pakken » Livsnytaren»gjekk fjelltur på Orkja kl. 05.00 søndags morgon i håp om å få sjå soloppgangen. Laurdag kveld var alle deltakarane samla til middag på Jølstramuseet.

Den ville uksen på Lunde Turiststasjon er ikkje enkel å hanskast med. Foto: Atle Lunde

– Dette blir spennande, alltid kjekt å prøve noko nytt, sa Malin Andreassen frå Bodø, som fekk greie på opplegget tre dagar før, og melde seg interessert på rein impuls. Meininga var at dei skulle padle heile Kjøsnesfjorden til Lunde for å delta på aktivitetar der, men stri austavind gjorde det vanskeleg så padlinga gjekk føre seg på Skeisbukta.

Helga vart avslutta med felles lunsj og evaluering på Thon Hotel Jølster søndag.

Malin Andreassen frå Bodø får instruksjon i bruk av padleåre.

Pizzabaking på Fjordamattunet var starten på opplevingshelga i Jølster. Foto: Bjørg Kjos Venjum