GHK tapte mot Fyllingen 2, men synte takter som lovar meir poeng framover,

Debuterte med ti mål for GHK

Marte Heien Hansen er tilbake i GHK. Det vart ein solid debut med ti mål. – No har vi eit godt lag, seier trenar Øyvind Indrebø, men det heldt ikkje til poeng mot Fyllingen 2.

GHK har styrkt stallen i det siste. Førre helg debuterte Ingunn Reikvam Ravnestad etter fleire år i andre klubbar. Denne helga var det klart for ein ny debut, Marte Heien Hansen. Det heldt likevel ikkje til to poeng mot tabellnabo Fyllingen 2.

Jamt
Men det vart ein jamn kamp der GHK viste takter som heilt sikkert vil gje fleire poeng framover. Første omgang følgde laga kvarandre, men Fyllingen 2 reiv til seg eit forsprang på eitt og to mål som GHK sleit med å hente inn att. Kvar gong heimelaget scora, kvitterte gjestene, og når heimelaget gjorde personlege feil eller avslutta dårleg, nytta Fyllingen 2 sjansen, men midtvegs i omgangen var det uavgjort etter to kjappa scoringar frå heimelaget ved Marte Heien Hansen og Ingunn Reikvam Ravnestad. Til saman stod dei for 19 av heimelaget sine mål.

For svakt forsvarsspel
Ved pause var resultatet 17-20 og ved slutt 29-34.
– Vi har eit godt lag no og spelar godt i angrep. 29 mål skal normalt vere nok til å vinne. Vi scora 17 i første og 12 i andre omgang. Men å sleppe inn 34 er for mykje. Då blir det vanskeleg å vinne, konstaterer trenaren.

Sjå meir i papiravisa måndag. Der er reportasje om dei nye eigarane av butikkdelen i Sandane Senter og omtale av den første "Endeleg GIG festivalen"