Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Dataparty med nye vriar

Til helga er det nok ein gong duka for bLAN i Breimshallen. I år blir det høve til å vere med på fleire aktivitetar som ikkje er relaterte til datamaskina, mellom anna paintball. Arkivfoto.

Dataparty med nye vriar

– Vi ønskjer å leggje til rette for at dette skal vere ein ungdomsfestival som engasjerer endå fleire, og tilbyr andre aktivitetar enn berre å sitje framfor datamaskina, seier bLAN-leiar Markus Bjørnereim.

Til helga går datatreffet bLAN av stabelen i Breimshallen. Det er sjølvsgat datamaskina og alt som føregår på denne som er i hovudfokus, men arrangøren ønskjer å skape eit arrangement som kan fenge andre enn dei med data som hobby.

70.000 kuler

– Det kjem til å skje ein del nytt denne gongen, mellom anna blir det paintball på plassen utanfor hallen heile laurdagen. Dette blir ope for alle frå 8. klasse og oppover, seier Markus Bjørnereim og legg til at alle under 18 år må ha med seg samtykkjeskjema frå foreldra for å få lov til å vere med på moroa.

Paintballaktiviteten er eit samarbeid med mellom bLAN og Vereide paintballklubb.

– Vi har investert i sikringsnett og kjøpt inn 70.000 kuler. Vi skal i alle fall ikkje ha for få, smiler Bjørnereim.

Utvidar målgruppa

På dag- og kveldstid blir 2. etasje i Breimshallen reservert for 5.-7. klassingar.

– Dette er nytt av året. Vi ønskjer å leggje til rette for dei som ikkje er gamle nok til å vere med døgnet rundt. Der blir vaksne vakter heile tida, og vi legg opp til fleire samlande fellesaktivitetar. Deltakarane får lov til å vere med fram til klokka ti om kvelden, då må dei reise heim, opplyser bLAN-leiaren.

Datatreffet startar fredag kveld og varer til søndag.

– I hovudsalen har vi plass til 140 deltakarar. Søndag kveld var det ledige to plassar att, fortel Markus Bjørnereim.