Kristin Sandal stod for utdelinga av prisen då Jesper Melin Ganc-Petersen vart kåra til Årets gloppar.

Danske kåra til Årets gloppar

Når kultur- og miljøutvalet tidlegare har drøfta gode kandidatar til kulturprisen, har politikarane fleire gonger uttrykt at dei kunne tenkje seg å dele ut ein pris til Årets gloppar.

Heider og takk
– Denne prisen skal inspirere til vidare innsats og utvikling. Han skal også vere ei takk og ein heider til eitt eller fleire menneske som har gjort ein stor innsats for å fremje gode samfunnsverdiar. I retningslinjene heiter det at prisen som Årets gloppar skal gå til ein person som har utøvd ein ueigennyttig innsats i Gloppen kommune, sa leiar i kultur- og miljøutvalet, Kristin Sandal, då ho skulle dele ut prisen i forkant av kommunestyremøtet.

Jesper Melin Ganc-Petersen har ikkje berre gjort ein ueigennyttig innsats i Gloppen.

– Han har nemleg skapt sin eigen arbeidsplass og tent pengar på ideane og arbeidet sitt. Utvalet meiner at det er nettopp det som gjev gode bygdesamfunn og god samfunnsutvikling: at folk får til god næringsutvikling av gode idéar, og bidreg til å byggje fellesskapet, sa ho.

Meir om Årets gloppar i onsdagsavisa.