100-åringen Austrheim musikklag er det eldste musikklaget i fylket og eit av dei eldste i landet.

Dansar seg inn i jubileumsåret

I år rundar Austrheim musikklag 100 år. Jubileet skal markerast året gjennom, det heile tek til med ein skikkeleg dansekveld i Gimle komande laurdag.

I 1917 såg Smiemusikken, forløparen til det som i dag heiter Austrheim musikklag, dagens lys i ei gammal smie på Gloppestad. Musikklaget er framleis svært aktivt og spelar ofte til dans. Kva er då meir naturleg enn å starte jubileumsmarkeringa med ein dansekveld på heimebane i grendehuset Gimle?

– Er eit danseorkester

– Dette blir opninga av jubileumsåret, eit år som vil innehalde litt andre oppdrag og spelingar enn vi elles har, seier musikalsk leiar Trygve Apalset og tenkjer mellom anna på tur med Hurtigruta i byrjinga av juni og Klubbefesten i Sogn og Fjordane-laget i Oslo i november.

Austrheim musikklag er særleg kjent for å spele rytmisk og god dansemusikk.

– Vi er først og fremst eit danseorkester, ikkje i same grad eit konsertorkester. At vi vel å starte markeringa av 100 år med ein jubileumsdans, seier noko om korleis vi ser på oss sjølve. At alle dei andre orkestera vi har invitert til å vere med, har sagt ja, seier også sitt, meiner Apalset og viser til at fem andre folkemusikkgrupper og -orkester frå kommunen skal bidra til å halde dansen gåande i Gimle laurdag.

Les meir i papirutgåva onsdag.