Torill Henden Gaasø, Elise Øygard og Heidi Sægrov i aksjon mot Kjøkkelvik.

Damekampen er utsett

GHK sitt damelag skulle møte Sotra 2 i Trivselshallen laurdag ettermiddag. Etter ønske frå hordalendingane er den kampen utsett til 25. mars.

– Dei har nokre spelarar som skal på skuletur. Når dei kan dokumentere at fleire av spelarane skal på ein obligatorisk tur, har dei ifølgje reglementet rett til å få flytta kampen, seier GHK-trenar Øyvind Indrebø.