Her får vi eit visst inntrykk av storleiken på steinen, som avisa meiner vog ca.375 tonn. Det er rydda så pass at ein personbil har passert, medan bussen lenger inne må vente. Det er S-1364, den fyrste bussen til Firda Billag, ein Internasjonal med 16 sete. Sjølvsagt samla ei slik hending mange interesserte tilskodarar. Vi kjenner m.a. att Berent Sandene i lys jakke, og Olav Sivertsen til høgre i framgrunnen.

Då Skorahammeren ramla ned


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka stod første gong på trykk i sogebladet Ljøren i 1999.

Det er ikkje berre langs bratte fjellsider i utkantar og meir grisgrendte strøk det kan gå ras som kan få alvorlege konsekvensar. Dei færraste glopparane veit i dag om at det også rett i utkanten av Sandane sentrum ein gong har gått steinras som fort kunne ha kravd både menneskeliv og busetnad.



For over seksti år sidan, nærare bestemt 25. september 1934, vakna mange sandensarar av ein kraftig smell med ein etterfølgjande dur. Ei steinblokk hadde losna og ramla ned på hovudvegen til Breim, like ovanfor Sandane bedehus.

Vi lèt ei av dei to avisene som kom ut på Sandane den gongen,  Nordfjord,  fortelje om denne hendinga:

”I dag morges ved halv seks tiden inntraff et – heldigvis – sjelden tilfelle her på Sandane, idet der løsnet en hel bergknaus som ramlet ut og blev liggende på hovedveien. Den veldige koloss som veier ikke mindre enn ca. 375 tonn, løsnet omkring 100 meter fra veien og styrtet nedover skraaningen med et voldsomt brak. Mange av stedets folk blev rystet av sin blide slummer, men det var ganske få som kom til at tenke paa noget slikt, og de fleste slo sig tilro med at det måtte vere et mer enn alminnelig kraftig tordenskrall. De faa av de nermestboende som fant at de burde undersøke saken nermere blev imidlertid møtt av et baade merkelig og uhyggelig syn. Ca 50 meter forbi Sandane Bedehus oppe i veien laa nemlig et helt lite fjell.”


Utsikt frå kanten der steinen losna. Bygningane er frå høgre: Bedehuset med uthus, slakteriet til Steffen Hjelle og nedanfor Sagevegen snikkarverkstad, grisehus m.m. Øvst, midt på biletet, husa i Øyna, og heilt til høgre fargeriet til Fargar-Agnete. Huset står no på museet. Riksvegen følgjer den gamle traseen frå Fargarbrua, forbi Øyna og framom hotellet. Øvst til venstre vognhuset til Sivertsen og vegen gjennom Øyna opp til Sagevegen. Alle foto: Lyslo.

Vidare fortel bladskrivaren om inntrykket denne hendinga gjorde på dei frammøtte, før han igjen gjev seg inn på ei forteljing frå dei faktiske hendingane:

”Den veldige stenblokk blev som nevnt liggende paa veien, hvor den selvsagt gjorde atskillig skade paa denne. Et lager paa en 10 tønner asfalteringsstoff tilhørende veivesenet blev også for det meste smadret. En del private telefonledninger samt gatelysledningen blev likeledes ødelagt. Dessuten gjorde den jo ogsaa en del skade paa eiendommen som den gikk over, men allikevel, naar man tenker paa hvad som kunne hende naar en slik blokk kom farende, saa maa man si at det var et heldig tidspunkt den faldt paa.”

Som vi skjøner var det ein koloss av ein stein som kom ned og nær hadde gjort stor skade på dei kringliggjande bygningane. Berre 20-25 meter frå eit våningshus som den gongen stod opp om riksvegen, kom steinblokka ned, og i tillegg var det også ein del  mindre stein som følgde med i raset.  Like nedanfor knausen var ein ofte nytta gangsti, og sjølve knausen vart mykje brukt av folk sidan det var ein fin utsiktsplass. Det skulle med andre ord ikkje mykje til før raset kunne ha fått eit langt alvorlegare utfall.

No hadde det i lenger tid vore ein sprekk i fjellet som hadde vakse atskilleg der steinen kom veltande ned, så enkelte hadde  spekulert i at det snart kom til å rase. Såleis kan ein vel seie at det som skjedde ikkje kom så heilt uventa på mange, men noko vidare tru på at det skulle hende so snart som det gjorde, var det vel ingen som hadde.

Denne hendinga vert berre som ein parantes å rekne, og knapt nok det, i høve til alle dei store naturkatastrofene vi i dag høyrer om ute i den store verda, der tusenvis av menneskeliv går tapte. Like fullt kan ho vere ei påminning om at ein aldri kan vere trygg for kva som kan hende, også like utanfor vår eiga stovedør.

Heller ikkje Sandane sentrum er ein freda stad i så måte, og sjølv om denne hendinga no ligg langt tilbake i tid, er ho eit prov på at slike ting frå tid til anna har skjedd og truleg kjem til å skje igjen.

Biletet under: Ein solid vegmur hindra steinen i å rulle vidare mot husa nedanfor. Oppe i hammaren ser vi staden der steinen losna. Framleis i dag er dette merket synleg frå riksvegen.