Vassendgutane skapar alltid liv og røre.

Countryen er i gang

I går kveld opna campingområdet på Breim og gjestene strøymde inn. I kveld startar konsertane med opnigskonsert i Frislidlada.

Opningskonserten handlar, tradisjonen tru, om bluegrass. I år er det gruppene The Crowe Brothers og Bare Fjas & Smågras som spelar i Frislidlada.

Vassendgutane og Staut
I morgon, fredag, blir det Vassendgutane for 11. gong i Breim. Laurdag er det Staut sin tur i tillegg til
BEN & NOEL HAGGARD WITH THE STRANGERS, sønene til legendariske Merl Haggard, med faren sitt band. Dei blir også å høyre i kyrkja på laurdag.
Fredag på dagtid er det barnas countrytreff og elles blir det musikk på hovudarenaen dagen lang både fredag og laurdag. Ei av gruppene som blir å høyre i Kolbeins saloon er Longhorn frå Lærdal, ein gjengangar i Breim.

Staut var i Breim også i fjor og er eit norsk band vel verd å lytte til.
Bare Fjas og mas spelar på opningskonserten i Frislidlada.
Brødrene Haggard er siste artist ut under årets festival.