Camilla Hole i aksjon under avslutningskonserten. Foto: Universitetet i Stavanger

Camilla fekk flott pris

Musikalsk heider til musikkstudent frå Gloppen.

Camilla Hole frå Byrkjelo har fått ein pris på 50.000 kroner frå Inge Steenslands Stiftelse i Stavanger.

Camille er jazzstudent ved Institutt for musikk og dans på Universitetet i Stavanger, og mottok prisen under ein konsert på seminaravslutninga nyleg.

Institutttet har fleire gongar delt ut prisen til ein student som utmerkar seg gjennom studieåret. Her er juryen si grunngjeving:

Fakta

Institutt for musikk og dans har flere ganger de siste årene delt ut en pris på vegne av Inge Steenslands Stiftelse til en student som utmerkar seg i studieåret. Prisen er på totalt 50.000.
"Årets prismottakar på Jazz er ein student som har studert ved instituttet i seks år, både Bachelor med PPU og utøvande master. Studenten har gjennom åra ved IMD hatt ein musikalsk og instrumental utvikling det står respekt av.

Studenten har i studiet medvirka i så godt som alle prosjekt med Bjergsted Jazzensemble og har med sin musikalske personligdom satt eit markant og velklingande preg på produksjonane.

Studenten er ein framifrå enseblemusikar og solist men har også utvikla seg til å bli ein dyktig og original arrangør og komponist.

Studenten har alltid vore pliktoppfyllande , etterrettelig og raus med sine medstudentar og har derfor hatt mykje å bety for studentmiljøet i Bjergsted.

Studenten har tatt utfordringar, vore tolmodig med seg sjølv og andre i dei tyngre prosessane, jobba godt og turt å stole på seg sjølv.

Studenten er difor eit godt forbilde i, og ein strålande formidlar av den humanistiske tradisjonen.
Prisen består av eit stipend frå Inge Steenslands Stiftelse på kr. 50.000.

Det er ei glede, på vegne av fagmiljøet ved IMD, å gi årets pris til Camilla Hole."