Det er stort behov for symjeopplæring, meiner lærar Liv Eimhjellen Rauset og symjeinstruktør Theo Mekke. Dei er glade for at bassenget på Byrkjelo kan nyttast.

Byrkjelo-bassenget er redninga

Aldri har bassenget på Byrkjelo vore så populært som no. For å sikre symjeopplæringa, vert fjerdeklassingane i Hyen, på Nordstranda skule og Sandane skule transporterte til og frå Breim skule.

Det har vore gjort sidan haustferien. Måndagane har Nordstranda skule sine fjerdeklassingar vore køyrde til Byrkjelo. Tysdagane har vore Hyen sin dag, medan Sandane har vore gjester i Byrkjelobassenget onsdagane.

Kjekt å hjelpe

Ordninga har sin bakgrunn i stenginga av både Trivselsbadet og bassenget i Hyen.

– Aldri har bassenget vårt vore så populært, smiler rektor på Breim skule, Marianne Kårstad Raad. Ho tykkjer det er kjekt at dei kan hjelpe andre.

– Vi har ledig kapasitet og har prøvd å få det til, og det har gått fint, seier ho. Sandane skule kjem med to klassar. Det er for mykje i bassenget på same tid. Derfor får den eine gruppa klasseromsundervisning medan den andre er i bassenget, og så byter dei.

No er Hyen skule ferdig med symjeopplæringa for i år, men dei andre klassane held fram.

Les meir i papirutgåva fredag.