Home   >   Nyhende   >   Bygdemiljøpakke – årets nyord?

Dei Grøne vil satse på støtte til elbilar i distrikta, skriv Mariel Eikeset Koren.

Bygdemiljøpakke – årets nyord?

Lesarinnlegg av Mariel Eikeset Koren, Miljøpartiet Dei Grøne i Gloppen.

Norsk språkråd kåra ”Det grøne skiftet” til det mest brukte nyordet i 2015. Vi i Dei Grøne håpar at årets nyord i 2017 blir ”Bygdemiljøpakke”, og i vårt alternative statsbudsjett for 2017 set vi av 3,6 milliardar kroner til ei bygdemiljøpakke.

For folk på bygdene og i distrikta, utanfor dei store satsingsområda for bymiljøpakkar, vil bilen også i framtida vere eit viktig framkomstmiddel. Dette krev ei eiga satsing, og vi vil gje alle i by og grend høvet til å køyre elbil.

Men å skifte frå dagens fossilbilar til elbilar er dyrt. For dei som ikkje har råd til å kjøpe ein bil, budsjetterer vi med leasingstøtte for elbil. 170 millionar kroner skal gje 10.000 nye elbilar på vegane i 2017. Vi innvilgar også pengar til hurtigladestasjonar for elbil. Det skal i vårt budsjett etablerast to ladepunkt for kvar femtiande kilometer over heile landet, for å gjere elbilen til eit reelt val for alle. I tillegg set vi av 1,7 milliardar til fleire kollektivavgangar, stønad til elsykkel og utbygging av sykkelvegar i distrikta. Alle skal kunne vere med på omlegginga til eit fossilfritt samfunn.

Miljøpartiet Dei Grøne meiner også at den som ureinar skal betale, sjølv om han bur i distriktet. Dette fører til at drivstoffprisene vert høgare med vår politikk. Men samstundes vil vi sørge for at folk får eit ordentleg godt tilbod for å bli uavhengige av fossile brensler. Å velje å bu i distriktet vil bli både betre, billigare og grønare. Årets nyord i 2017 må bli ”bygdemiljøpakke”, no er det opp til dei andre partia å følge opp som ved førre nyord, som halen etter hovudet.