– Vegen skulle vere 2,75 meter brei, inkludert grøfta. Dei strekningane der vi måtte skyte, gav ei dårleg timeløn. Det var nemleg fast akkord for kvar 100 meter veg, og når vi skulle skyte måtte vi gjere det i to høgder. Vi måtte bore med hand, og det kunne ta tid, fortel Lars Kjøsnes.

Bygde veg langs Kjøsnesfjorden for 42 øre timen


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka stod første gong på trykk i Firda Tidend 30. oktober 2009.

I 1930-åra var Lars Kjøsnes med på å byggje den første vegen langs Kjøsnesfjorden. Arbeidet gjekk føre seg med handemakt om vinteren, og arbeidarane måtte stå og ete nista for ikkje å fryse.




– Om ein ikkje stod på, vart det ikkje forteneste heller, så det var ikkje snakk om å ta seg fem minutt, seier Lars Kjøsnes.

Måndag opnar Kong Harald den nye Støylsnestunnelen i Kjøsnesfjorden. Dermed er eit rasutsett stykke av vegen mellom Kjøsnes og Lunde eliminert. Dei som har laga tunnelen har hatt hjelp av store maskiner og moderne reiskapar. Då den første vegen langs fjorden vart bygd i 1930-åra, var tilhøva for vegarbeidarane heilt annleis enn i dag. 95 år gamle Lars Kjøsnes var med på arbeidet, og han minnest framleis slitet det var.

Rein kraft

– Alt gjekk føre seg med handemakt. Hovudreiskapane var hakke, spade og spett. Dessutan måtte vi ha bor, feisel og slegge, i tillegg til trillebår og flatlus. Det var fysisk tungt arbeid. Det var rein kraft som skulle til, seier Kjøsnes.

Den 95 år gamle, uforskamma spreke mannen, sit i godstolen i eldrebustaden sin like ved omsorgssenteret på Skei og tenkjer tilbake på tida som vegarbeidar i det som må vere eit av dei mest rasutsette områda i landet. Bygginga av vegen mellom Kjøsnes og Lunde tok til i 1932. Lars Kjøsnes tok seg arbeid på anlegget som 19-åring året etter.

– Arbeidet med vegen starta på Lunde, og dei var komne eit stykke utover langs fjorden då eg blei med. Eg var med i fire eller fem sesongar. Det var gjerne kring 20 stykke med i slengen, og desse var fordelte på fire-fem arbeidslag, fortel han.


Lars Kjøsnes syner fram flatlus og vagge, to av reiskapane han brukte i det strevsame arbeidet med vegbygging i det som måtte vere eit av dei tøffaste vegområda i landet. Bak står Knut og Ole Kristian Kjøsnes. Biletet er teke av Oddleiv Apneseth i samband med dokumentasjonsprosjektet «Jølster 2008». Klikk på biletet for større versjon.

Interessentbidrag

Og det er ikkje tilfeldig at Lars Kjøsnes snakkar om sesongar. Umiddelbart vil gjerne dei fleste tenkje at det må ha blitt arbeidd i sommarhalvåret, når faren for ras var minst. Men slik var det slett ikkje. Snarare tvert i mot.

– Ein sesong varte frå september til mai. Vi dreiv på stort sett heile vinteren. Unntaket var viss det kom alt for mykje snø. Då vart det opphald i arbeidet ei tid. Det var ikkje snakk om å arbeide om sommaren. Då måtte arbeid i onnene på gardane prioriterast, seier Kjøsnes.

Dei fleste som var med på arbeidet var nemleg frå gardar i nærområdet.

– Mange kom frå Dvergsdalen og Sunde. I tillegg var det med nokre frå Søgnesand, Lunde, Ripe, Kjøsnes og Vika. Dei på gardane inst i fjorden og dei på Kjøsnes måtte svare for noko som heitte interessentbidrag. Dei hadde interesse av at vegen kom, og anten måtte dei betale inn pengar eller så måtte dei arbeide inn bidraget, fortel den gamle vegarbeidaren.

Ståande matpause

Vintrane på 30-talet var gjerne kalde og lange. Det gjorde vegarbeidet ekstra utriveleg.

– Det låkaste var når vi skulle ha matpause. Om vi ikkje heldt på i nærleiken av ei av smiene langs vegen, hadde vi ingen stad å gå inn og setje oss ned med maten. Vi kunne sitje på steinar, men det vart gjerne til at vi gjekk att og fram med matposen og termosflaska i handa, slik at vi skulle halde heten og ikkje ta til å fryse, minnest Lars Kjøsnes.

Men det var ikkje berre arbeidstilhøva for vegarbeidarane den gongen vegen vart bygd langs Kjøsnesfjorden som ikkje var i nærleiken av dagens standard. Løna var heller ikkje så mykje å skryte av.

– Akkorden varierte frå vegstykke til vegstykke. Eit akkordstykke var gjerne kring 100 meter. Når vegstykket var ferdig, kom representantar frå vegvesenet og rekna ut kor mykje arbeidarane skulle ha i timeløn. Skulle vegen byggjast i område der det var mykje skyting og muring, vart timeløna dårleg. Den dårlegaste løna mi var på 42 øre i timen. På det meste var ho opp i litt over ei krone. Ein gong greidde vi å lage kring 80 meter veg i lett terreng på tre veker. Det tente vi bra på. Dei stadene det skulle vere stabbesteinar langs vegen, la vi til side steinar vi fann i terrenget og brukte til dette. Stabbesteinar var utanom akkorden, så det gav litt ekstra inntekt. Lønsutbetaling var til jul og før sommarferien, fortel Kjøsnes.

Tolv kyr tekne av ras

Rasfaren var noko vegarbeidarane måtte leve med i lange periodar. Men særleg redde var dei ikkje.

– Vi rekna med det skulle gå bra. Det var berre éin gong vi fekk steinsprang over oss, men det gjekk godt. Den einaste staden vi verkeleg var redde, var i Kleivafjellet. Der er det ei strekning på 300-400 meter med forferdeleg stygt terreng. Om det var ruskevêr når vi passerte der, måtte vi kome oss fort forbi. Dei som budde ved Kjøsnesfjorden var veldig merksame på dette. Kom vi oss forbi der, var det som regel inga fare. Rett nok kunne det vere enkelte stader også lenger inne i fjorden som kunne vere rasutsette. I seinare tid har det rasa mange gongar på stader vi såg på som trygge før i tida, mellom anna der den nye tunnelen no er komen, fortel Lars Kjøsnes.

Men om det ikkje gjekk med menneskeliv under det risikofylte vegarbeidet langs Kjøsnesfjorden, hende det at krøter vart tekne av ras.

– I august 1935 miste tre bruk på Kjøsnes i alt tolv mjølkekyr i eit ras mellom Bjørnebakktunnelen og Føreneset. Far min eigde seks av kyrne, dei hine to bruka miste tre dyr kvar. Bønder med revegardar henta det som var att av dyra og brukte det til revefôr. For dette betalte dei så mykje at far kunne kjøpe seg éi ny ku. Det var ikkje snakk om noko forsikringsutbetaling, så far måtte ta tapet sjølv. Det var ikkje så enkelt å takle det, så det var ei tøff tid heime, minnest Kjøsnes.

– Eit slit

I anleggsperioden budde Lars Kjøsnes i eit sel på Vikane, der geitefjøsa til brukarane på Kjøsnes står i dag. Dei andre arbeidarane budde i brakker der. Derifrå rodde dei inn til arbeidsstaden. Ein arbeidsdag varte frå åtte om morgonen til fem om ettermiddagen.

– Vi var glade når veka var over og helga kom, slik at vi kunne reise heim og kvile oss litt, seier han.

Når han no sit i stova si og tenkjer tilbake på arbeidet han og arbeidskameratane var med på, er det med både glede og ei visse om at han aldri ville ha teke på seg eit liknande arbeid ein gong til.

– Det var eit slit, ei tøff tid. Men vi hadde ikkje noko val. Nauda dreiv ein. Det fanst ikkje anna arbeid å få, og vi måtte ha noko å leve av. Dessutan var eg ung den gongen, og vi som var unge greidde oss betre enn dei som var i 50-åra, fortel han.

– Ikkje noko der å gjere

Strekninga frå Lunde til Kjøsnes var køyrande med bil i juli 1937. 30. september 1938 var det offisiell opning av den nye vegen. Nokon offisiell opningsfest blei det ikkje for Lars Kjøsnes og dei andre vegarbeidarane.

– Opningsfest vart det ikkje, men då vi var ferdige med den siste akkorden kom basen med heimebrygga øl og spanderte på oss. Og så hadde vi ein liten akkordfest, seier Lars Kjøsnes og smiler.

Opninga av Støylsnestunnelen komande måndag har han ikkje tenkt å vere med på.

– Eg er ikkje invitert og det interesserer meg heller ikkje. Det finst nesten ikkje noko att av den gamle vegen, og eg har sagt for lenge sidan at eg ikkje har noko der å gjere, understrekar han.

Men om Lars Kjøsnes ikkje tek turen til Lunde for å høyre på Kong Harald, er det dermed ikkje sagt at han blir sitjande heime. 95-åringen køyrer nemleg framleis bil, og den daglege turen ned til Skei sentrum i Ford Escorten frå 1987 vert det nok måndag òg, sjølv om kongen er i bygda…