Home   >   Nyhende   >   Bussane køyrer igjen Rv 60

Vegen over Utvikfjellet har fått mange små og store skader etter flaumen. Her oppe på fjellet. Foto: Hallstein Dvergsdal

Bussane køyrer igjen Rv 60

Fv. 60 i Utvik blir opna for kontinuerleg kolonnekøyring for bilar inntil 15 meter, og alle bussar skal frå i dag vere tilbake i ordinære ruter rundt fjorden.  Vogntog kan førebels ikkje passere.

-Vi har no fått tilstrekkeleg oversikt over skadar og fått utbetra det som er nødvendig for at vi kan setje på tyngre trafikk. Det er mykje skadar på vegen over Utvikfjellet i tillegg til skadane i området rundt bruene. Det er skadar som svekkar bæreevna til vegen. Dette har vi no kontroll over og kan setje på tyngre og lengre køyretøy, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.

Vegen er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor styrt trafikkavvikling og ledebil. Bilistane må rekne med ventetid på inntil 1 time.

Opnar for bussar

Samtidig melder Statens Vegvesen og fylkeskommunen har opna fv 60 for bussar. Dette betyr at alle bussruter over Utvikfjellet går tilbake til normale ruter igjen med augeblikkeleg verknad. Rutesøk på kringom.no blir oppdatert så raskt det er mogleg.

Skilting kan vere misvisande
Til å begynne med kan skiltinga vere noko misvisande einskilde stader, då det kan ta litt tid å få oppdaterte skilt på plass.