spora syner at bussen har brukt omlag femti meter på å stoppe, og at den på turen har teke med seg eit vegskilt

Buss utfor vegen nord for Egge

Trafikken vart dirigert manuelt forbi skadestaden.[/caption]Den polske buss sjåføren som køyrde av vegen ved inngangen til Våtedalen hadde flaks som gjekk klar fysiske skadar på dei 46 passasjerane, og fekk relativt små skadar på bussen.


På veg sørover
Bussen var på veg sørover og spora syner at bussen har brukt omlag femti meter på å stoppe, og at den på turen har teke med seg eit vegskilt[/caption] hadde teke av vegen ikkje langt unna ferista rett nord for Egge. Der sto den i veggrøfta på venstre side av vegen, og spora synte at den hadde følgt veggrøfta omlag femti meter før den stansa. På si ferd utanfor vegen hadde den teke med seg eit vegskilt, noko som synte att på ei knust frontrute.
Ifølgje politiet på staden hadde ingen av dei 46 passasjerane fått fysiske skadar, men alle naudetatane, inkusive luftambulanse, var på plass.

Forbi syklistar

Korleis det heile hadde gått føre seg, er litt uklart, men ifølgje folk på ulukkesstaden hadde bussen svinga ut for å passere ei gruppe syklistar. I samband med det har han så hamna utfor vegen på ein eller annan måte. Trafikken vart dirigert manuelt forbi ulukkesstaden og E-39 var heile tida open.

Trafikken vart dirigert manuelt forbi skadestaden.
Det vart fort køar på begge sider av ulukkesstaden, men e-39 var aldri stengd.
luftambulansen og alle naudetatar elles, var på plass.
Ei knust frontrute vitnar om møtet med eit trafikkskilt.