Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Brødr. Aa har signert nye kontraktar for 200 mill. kroner

«Vision of the Fjords» vart forseinka og skapte utfordingar resten av året. Nyleg vart nye kontraktar for 200 mill. kroner endeleg stadfesta. (Foto: Brødr. Aa)

Brødr. Aa har signert nye kontraktar for 200 mill. kroner

I førre veke vart kontrakten om bygging av ein ny Seasight for The Fjords styreklarert. Brødr. Aa har og sikra kontrakt med Rødne om ein ny turistbåt. Samla verdi vert om lag 200 mill. kroner.

«Vision of the Fjords» fekk fantastisk mykje merksemd og positiv omtale, både knytt til design, byggjemateriale og framdriftssystem. Reiarlaget The Fjords, eigd av Fjord1 og Flåm Utvikling, er også svært tilfreds med fartøyet.

«Vision of the Fjords» har både batteridrift og vanleg dieselmotor. Fjord1 signaliserte tidleg at dei vurderte ein oppfølgjar som vert endå meir miljøvennleg. I førre veke vart kontrakten godkjent i styret i Brødr. Aa.

– Om to veker vert det endeleg avklart om det vert rein batteridrift eller ein hybrid, fortel dagleg leiar Tor Øyvin Aa.

Oppfølgjaren vert i same storleik og tek 400 passasjerar. Overleveringa av den første vart forseinka. Det forskauv produksjonsprogrammet heile hausten. Då var det berre ein ting som gjaldt: Å setje inn nok folk til å halde tidsfristane, forklarer Tor Øyvin Aa. Det kosta dyrt.

– Vi er misnøgde med rekneskapen for 2016, seier han.

Les meir i papirutgåva fredag.