Teikning av båten Brødr. Aa skal levere to av til den kinesiske snøggbåtoperatøren CKS i Hong Kong. Kontrakten er den største Brødr. Aa har signert.

Brødr. Aa har knekt Kina-koden

Forholdet mellom Kina og Noreg har vore på eit lågmål etter at den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo fekk fredsprisen, men Brødr. Aa knekte koden.

Det var applaus og stor stemning i kantina til Brødr. Aa måndag då dagleg leiar Tor Øyvin Aa møtte dei tilsette og opplyste at Kina-kontrakten er i boks. No skal verftet i Hyen levere to moderne snøggbåtar til ein av verdas største snøggbåtoperatørar.

Vann anbodet

– Det var ein stor dag for oss alle, seier Tor Øyvin Aa.

I slutten av førre månad skreiv Firda Tidend at kinesarane hadde oppdaga dei konstnadseffektive og miljøvennlege snøggbåtane i karbonfiber til Brødr. Aa. Ein delegasjon frå snøggbåtoperatøren CKS i Hong Kong vitja både verftet i Hyen og to av reiarlaga som har Brødr. Aa-båtar i drift. Dei vart overtydde.

CKS stogga etterpå anbodskonkurransen for å lyse ut eit nytt anbod, denne gongen med krav om at fartøya skulle vere i karbonfiber. I slutten av juli leverte Brødr. Aa inn sitt tilbod, og i førre veke var Tor Øyvin Aa saman med fleire frå Brødr. Aa i Kina. Då hadde verftet vunne anbodskonkurransen og skulle få dei siste formalitetane på plass. Det lukkast. Som ei av få verksemder her til lands har Brødr. Aa dermed greidd noko mange norske bedrifter slit med; å kome inn på den kinesiske marknaden.

Rekord

– Vi skal levere to snøggbåtar som begge tek 270 passasjerar, den første i oktober neste år, den andre to månader seinare, i november, fortel Tor Øyvin Aa. Han opplyser at kontrakten har ein cirkaverdi på 160 mill. kroner. Det er den største kontrakten Brødr. Aa nokon gong har signert.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.