Breimstafetten vert i år arrangert for 80. gong. Dette biletet er frå 1959. Den gongen var start og mål på riksvegen ved Breimshallen. Foto Almenning.

Breimstafetten vert arrangert for 80. gong

29. april går den 80. Breimstafetten av stabelen. Stafetten er fylkets eldste idrettsarrangement og har vore i avvikla kvart einaste år sidan 1933, med unntak av krigsåra.


Vi kjem nok aldri attende til dei tider då det var rekorddeltaking og 5000-6000 tilskodarar rundt løypa. Til det er konkuransen frå andre arrangement og aktivitetar for stor. Likevel vonar Breimsbygda idrettslag at stafetten i 2018 kan samle mange lag og deltakarar. Vi trur at stafetten har ei framtid, spesielt når vi ser på deltakinga og idrettsgleda som gjeld i barnestafettane. Variert fysisk aktivitet og idrettsglede er endå viktigare i vår «stillesittande tid», enn det var i 1933. For å illustrere kor stor stafetten i si tid har vore, er det på sin plass med eit lite historisk tilbakeblikk.

I avisa ”Nordfjord”, den 26. mai 1933, kunne ein lese dette: ”I det mest strålande sommarver vart Breimstafetten i går avvikla for første gong og – lat det vere sagt med ein gong – dette var avgjort ein suksess.”  -  ”Og no heretter vert nok Breimstafetten den mest populære idrettskonkurranse i fylket.”

Spådomen slo til, og at Breimstafetten stod sterkt også i heimbygda, er like sikkert. Etter krigen, når telefonnettet vart betre utbygt, vart det kopla sveivetelefonar til linjene langs løypetraseen, og der det ikkje var linje vart det strekt nye linjer. Så kopla styraren på telefonstasjonen på Re meldingane frå den enkelte etappe inn på linja forbi Breimshallen – som var kopla direkte på høgtalar. Dermed kom melding frå vekslingane rett ut ”på eteren” ved Breimshallen. At telefonnettet på Re vart sperra for andre samtalar medan stafetten gjekk, måtte tolast, og vart det vel òg. Nedtrakka gras og potetåkrar var kanskje ikkje så godteke.

Frå seks startande lag i 1933, Utvik, Indre Breim, Nesstranda, Brodd, Hyen og Breim, der Hyen sigra, auka deltakinga til 57 i 1978. 1970-åra og ut på 1980-talet var nok glansperioden i Breimstafetten si historie. For å styrke Breimstafetten har det vore gjort fleire tiltak, som omlegging av løyper, og ikkje minst då start og mål vart flytta frå riksvegen ved Breimshallen til idrettsplassen i 1964. Handbalturnering i mange år frå 1951, Old Boys frå 1970 og damestafett frå 1976.

Etter at terrengstafettane tok til å ”tape terreng” ut på 1980-talet, også Breimstafetten, så har gute- og jenteklassar vore redninga. I 1986 var deltakande lag på Breimstafetten nede på 21, i 1987 kom første gute- og jentestafetten, og i 1988 deltok i alt 49 lag. Fram mot tusenårsskiftet gjekk det litt nedover att, men samarbeid med Sparebanken om ”Knax” og ”Kongleriket” førte igjen til vekst både på deltakarsida og av publikum.

I 2018, skal vi òg klare å melde inn resultatet frå vekslingane, mest truleg skal vi få til det utan å gjere koplingar på, eller stenge ned telefonnettet. Vi vonar å sjå deg på Breim 29.04.18. Kanskje er det du som då pregar bileta som vert dregne fram om 80 år?

I ei flyktig tid med raske endringar treng vi arrangement som kan representere tradisjonar og trekkje ei linje attende til tidlegare tider. Velkomen til Breim!