På jentetur med Breimskoret. F.v: Britt Glomnes Willumsen, Anne Helen Gimmestad, Randi Brynestad Skaaden, Hege Alme og Ingrid Sandene. Bak benken: Hildegunn Hauge.

Breimskoret på jentetur med vin, song og mannfolk

– Velkommen til mitt ferieparadis, og ei helg kjemisk fri for mannfolk, sa vertinna, men slik vart det ikkje. I staden vart det vin, song og mannfolk i store dosar.

Ein fullsett og forventningsfull Kultursal helsa Breimskoret med applaus etter første nummer. Og koret skuffa ikkje sine mange venner. Ikkje denne gongen heller, for koret kan sjå tilbake på ei imponerande sigersrekkje.

Det publikum vil ha

Plottet er ikkje nytt, kor og orkester er dei same, og persongalleriet i dei viktigaste rollene er velkjende. Slik serverer Breimskoret ei blanding av velkjende songar, ofte i ny drakt bygd kring ei historie. Alt er kjent og kjært, og publikumsbesøket viser at det er dette vi ønskjer, sjølv om det ikkje er særleg mykje nytt. Dessutan er det tydeleg at koret sjølv trivast og har det moro. Slikt smittar over til dei i salen.
Alt i alt var det derfor nok ein triveleg kveld med Breimskoret. Denne gongen skulle vi vere med på ein lenge planlagd jentetur.

Les heile saka i papirutgåva måndag.