Pressefoto.

Breimskoret gjøglar igjen

Breimskoret  byr på  ein og ein halv time med god musikk, lått og løye, når dei opnar dørene i Trivselshagen på Sandane fredag den 13. for å vise kabareten «Pent brukt». Og for 20. gong på rad er det dirigent Solfrid Bjørkum som styrer showet.

Breimskoret sine vårlege sprell har vekt merksemd langt ut om Gloppen, og plar samle publikum frå eit vidt område. I år er koret tilbake i Trivselshagen og byr på musikk og gjøgleri i ei god, velsmakande, samanrørt suppe. I alle fall er det det koret er kjent for å gjere, og som dei trur vil bli attesten også etter årets kabaret. Det er sett opp to framsyningar, så det kan bli trongt om plassane.

«Pent brukt» viser til både musikken og handlinga på scena.  Musikken er litt miks av nytt og gammalt, men truleg kjende låtar for dei fleste.  Den siste innspurten er i gang med pugging av tekst og tonar. Litt travelt, men utruleg morosamt, skal vi tru det som blir sagt på øvingane.

Historia er like enkel og komplisert som ein kvar kvardag kan vere, når ein blir sett på oppgåver ein korkje ønskjer, eller har føresetnad til å kome godt ut av. Betre blir det ikkje når velmeinande søsken blandar seg inn og legg føringar på både drift og drifter.

Roger'en har stagnert ein gong på 80-talet og har levd godt med det, noko to søstrer absolutt ikkje er einige i, og som meir enn gjerne legg til rette for nye sjansar. Når han uventa og høgst ufrivillig må steppe inn som butikkstyrar i ein retrobutikk, då stokkar det meste seg.

Det er Gunn Tone Moen som står bak historia og som har ansvar for det teatralske. Solfrid Bjørkum styrer det heile, og koret har, i år som før, med seg sitt faste orkester under leiing av Arne Søholt.