Frå venstre: Elin Støyva Torheim, Anne Lovise Krogh Indrebø, Emma Fløtre, Sandra Reed, Natalie Seime, Karoline Hjelle, Sandra Gimmestad Støyva, Ellisiv Hetle, Guro-Johanne Hole Hervik, Frida Sårheim Brakestad. Foto: Gro Hjelle.

Breimsjentene vart fylkesmeistrar

Breimsbygda sitt J13-lag vart fylkesmeistrar i handball etter å ha slege Sandane 2 18-10 i finalen i Førdehuset søndag. 

Dei to beste laga i dei to fylkesseriane var kvalifiserte til sluttspelet. I semifinalen slo BBIL Florø 2 21-16.

Vi gratulerer!